tirsdag 30. juni 2015

Lollipopp, lollipopp her blir det lollipopp.

Det er ikkje fritt for at eg også har kasta meg på bølga og laga kort på sugerør. Eg skulle berre prøve, og så måtte eg prøve eit til, og før eg viste ord av det låg det 11 klare kort til levering :)

Men det vert litt mykje bilder på ein gang, så skal spre dei litt ut over. 

Min måte å gjere dette på:  Eg køyrer enden av sugerøret inn i valsemaskina, (Big shot) slik at den vert heilt flat. Så har eg funne fram masse fine ark i restekassa, og tilhøyrande bassil. Derretter har eg rota gjennom permen med diser og funne fram dei runde fine, og nokre heilt reine runde. 

Eg stiftar sugerøret fast i bassil, stiftar banda eg skal bruke fast i sugerør og bassil, og limer pynteark over. På baksida limer eg ein kvit sirkel til å skrive på. Så var det berre å pynte.  Det var ikkje rare pynten som skulle til for å få desse til å sjå fine ut, men sidan eg er særs glad i blomar måtte desse med. 

Har du spørsmå, eller komentarar til desse så kom med dei. Eg tykjer det er særs hyggjeleg når nokon legg igjen eit spor etter seg på bloggen.






Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar