torsdag 8. oktober 2015

Pinlig lenge sida

Det er pinlig lenge sidan eg blogga. Ser eg er flink å legge ut regelmessig i periodar, og så er det bom stopp. Kan sjølvsagt skulde på fotball til 2 barn, og kurs i Molde med den eldste. Men til sjuande og sist handlar det om prioriteringar.

Eg er framleis DT hos Barnemix.no noko som er veldig kjekt, vi får fine stempel, gode oppgåve, og ikkje minst svært god oppfølging av "sjefen".

Eg vil difor vise fram dei siste prosjekta eg har hatt for dei. 


HUMOR.
Stempelet er frå Dr.Digi House of Stamps, og har du ikkje kikka innom sida deira tidligare, så anbefaler eg ein tur, dei har mykje bra, ikkje minst på herresida.  Han her heiter Duncan Disorderly.







Glitter.
Neste er frå Nikki Burnette, Stempelet heiter Witch Stamp. På nettbutikk fin du mange damer i sjangeren "Fantasy Art". Eg tykjer kvaliteten på dei nyaste er betre en dei som er eldre.

Det dukka opp eit julekort på FB som eg digga oppbygginga på, og den ville eg teste ut. 
Eg er så glad når folk merker bilda sine, for eg samler dei i ein forlder på pc, og bruker det som skriveboksbakgrunn, for inspirasjon. Er ikkje bilda merka, så går det ikkje lenge før eg ikkje hugsar kven som har laga dei.  

Her er linken til sida hennar, og kortet: Maries Scrapperier




Klem Anita

1 kommentar:

  1. Stilig herrekort med herlige tekster! Vakkert det andre kortet også, fiiint motiv her! Klem ;)

    SvarSlett