mandag 15. august 2016

Ein liten prins

I siste innlegg posta eg ein boks til ei prinsesse, no er det prinsen sin tur.

Som sist har eg kikka i bloggar til folk eg likar for å finne inspirasjon, og hos Kirsten Hyde finn ein alltid noko spennande. Eg fant ein karusell ho har posta for ca. 1,5 år sidan, eg leita eigentleg etter ein av bilane hennar :) 

Sidan karusellen hennar kunne gå rundt, måtte min også kunne det, så etter litt tankevirksomhet fekk eg det til, og var i grunn godt fornøgd med meg sjølv.

Sjølve boksen er laga på ein base av litt tynn papp, kledd med fine ark frå Joy Craft - Baby Paper Bloc. Eg hadde ikkje mal på hestar, så eg teikna ein modell basert på hestane på arket eg brukte. Blingen som er brukt er frå Edelwise.

Kortet som er laga til har stempel frå Kreative Hender, ein norsk produsent av digitale stempel - verkeleg verdt eit besøk. Fargelagt med Promarker.

Karusellen og Kortet finn du utstilt i den lokale Hobbybutikken - Bokuben









Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar