søndag 24. januar 2016

Favoritt

Blonder, blomster og pynt. Det er meg i et nøtteskall, det er av dei tinga som er mine favorittar når eg skal lage kort, og det er dei tinga som best beskrive korleis korta mine ser ut.

Dei blomane eg har brukt her er frå eit klippeark. som du finn her. Desse blomane er nydelege, men dei er litt nøytrale, og har det med å "forsvinne" når eg pyntar. Eg har distressa kantane litt, og lagt ein klump med mini/micro perler i midten. Dette forsterka det litt sarte ved desse blomane, i staden for at dei vart overdøvde av mykje pynt.

Sommerfuglane og arka er Tim Holts, Motivet, Kjære Brudepar disen, Tekst stempelet og blomane kjem alle frå Kort og Godt.  Blondene  er kjøpt i metervis på den lokale hobbybutikken, snøret er frå Biltema.

Papirlosjen har fremdels utfordringa "Favoritt" gåande, så vis oss gjerne kva som er akkurat din favoritt..





Det er definitivt ikkje noke å seie på premien. DEN er fra: Kort og God!



Klem Anita


onsdag 20. januar 2016

Doctor Digi

Nokon som lurer på korleis eg og min bedre halvdel ser ut om nokre år?
Her er svaret, Stempelet er frå Doctor Digi. Er du på jakt etter gode humoristiske stempel, eller stempel av godt vaksne folk, er det plassen å gå. Du fin fleire kort laga med stempel derifrå hos Barnemix.

I nederste skuffa har eg masse små ark, 6*6, som eg finn fram ein gong i blandt, sidan jobben denne gang var å bruke mange mønsterark, var der plassen å leite,  Desse arka kjem frå blokker, og blokker har som regel fleire ark som passar saman i farge. 
Stempelet har fått eit lag med gloss accent, for at dei skulle syne litt betre i alt det rosa. 


Eg har bestilt meg dagslyspære, og satsar på at bildekvaliteten skal bli god også vinterstid framover. Det er så kjedeleg når bildet blir dårlegare en kortet. 



 


tirsdag 19. januar 2016

Maling og Inkagold

Før jul laga eg ein del bakgrunnar, desse har eg hatt liggande ferdig svartmåla i ei øskje fram til no. Gut ungen skulle i bursdag til 2 kameratar, og då var det tid å finne fram bakgrunnane og gjere dei om til ferdige kort.

Sidan guten skulle i bursdag, og korta skulle gjerast ferdig i "hyrten og styrten"  vart det ikkje tid til å kvalitetsjekke bilda før korta for ut døra..  Så motivet "forsvant".. og det glitra litt i meste laget.

I tillegg til Inka Gold har eg bruk akrylmaling sølv kjøpt hos den lokale Panduroforhandlaren.

Men eg har 4 kort til liggande klare for montering, så skal få tatt noke betre bilder av dei. Når det gjeld materialar så er det restar av bassil som er embossa, det er 50-øringar, knappar, metalskiver, sikerhetsnål og delar av gammalt smykke. Du vil også finne blanke Mica Flakes og dekorstein. Eg avslutta med nokre charms.

Til slutt, eg slit litt med pyntinga av disse, blir ikkje skikkelig fornøgd. Eg satsar på at det vil ordne seg på sikt, når eg vert tryggare på mix media, og klarer hente inn fleire materialar i arbiedet. Om du har tips til ting eg kan putte på /under / over, så blir eg veldig glad om du legg igjen ein kommentar på det!



Klem Anita

tirsdag 5. januar 2016

Aurora Wings

Å lage sin eigen bakgrunn er kjekt. Her har eg embossa eit ark, limt på masse detaljar og måla det svart. Etterpå kosa eg meg med Inka Gold for å få fram alle detaljane igjen.

Stempelet Wimsical Rose Spriteer fargelagt med promarker, og det tok tid :)

Då eg fekk stempelet var min første tanke at dette ikkje var meg, ein liten alv, kva kunne eg bruke den til. Men så begynte eg å fargelegge, rosene tok tid, lang tid, men eg vart veldig fornøgd med resultatet, og når eg hadde fargelagt resten tenkte eg at denne var skikkeleg moro å fargelegge, og veldig søt.  Det er litt gjenskinn i bilde så fargen er litt djupare og ikkje så blank.

Du kan sjå fleire kort som er laga med Aurora Vings stempel hos Barnemix.




Klem Anita

Min Favoritt

Papirlosjen si utfordring i Januar er "Din Favoritt", enklare blir det ikkje. 

Min favoritt: Promarker!

Kort og Godt er sponsor og leverer premien til denne utfordringa, det er ikkje noke hemmelighet at dei også kjem under kattegorien favoritt hos meg for tida, har du sett alle dei flotte disane som er kome der i frå det siste året?

Kortet er laga på eit julepapir frå Panduro med bassil som bakgrunn.  Stempelet er MoManning - Bride and Groom Dansing farga med Promarker.
Papirblomane, og "Til brudeparet" kjem får eit Kort og Godt utklippsark. Disen, stjernene og blingen kjem også frå Kort og Godt.

Papirblomane er montert sammen på puter, og har fått eit strøk med litt sølvglitter.

Det er litt flaut, men det er så lenge sidan eg farga dette paret at eg ikkje hugsar fargane.












fredag 1. januar 2016

Blått og Hvit

Nytt år og nye muligheter, og for nokre muligheter eg har. Papir, lim, motiv, maling og blomster i bøtter og spann.

Min bror var til Tahiland med sin fru, rett før jul i år. De skulle i bryllaup til hennes søster. Eg sa rett før dei reiste, at eg ønska meg papirblomar, om dei kom over nokre rimelege. Eg handlar litt på ebay, og då kjem det nesten alltid frå Thailand. 

Eg fekk ein liten pose full av dei flottast blomar. Nokre av dei har eg brukt på dette prosjektet, som dei fekk i retur, med litt innhold til jul. 

Øskja er gammal emballasje, den har fått nokre rundar med maling, litt blonder, stjerner og bling. 
Huset er laga etter malen til Kirsten Hyde.  Eg skreiv den ut på kopipapir og klypte ut dette før eg klypte det ut i mønster ark, ombestemte meg om farge, og måla alt. 

Snøen er Panduro sin snø paste, og masse glitter frå samme produsent. Blomane på snøen fekk eg i gåve, blinget er frå edelweiss, trea er ein dise eg har låna (trur den er Leane Greatief). Snømannen er laga med små runde ballar du får i hobbybutikken, mine er også Panduro sine. 







Klem Anita