torsdag 22. juni 2017

Kaiserkraft dies og stempel

I går la Inger Anne på Bokuben ut bilder av nye varer som var komt fra Kaiser Kraft. Ei av platene med stempel og dies, hadde eg bedt henne å ta inn, og eg tok med meg ei til når eg først var der.

Eg må berre seie det, eg digger disse setta. Eg prøvde meg litt fram med trykk på litt rolige mønsterark, og endte opp med trykk i svart og grønt. Det var kjempe enkelt å få dei fine.

Så det blei 4 kort til sammen i dag.

Her er setta eg kjøpte meg...


Første kort. Her har eg brukt 3 av stempela på plata til høgre. Noke på innsida, og noke på utsida.  


Dette kortet er ikkje 6*6 og då får eg ikkje nokk dekor ark til å dekke alle sidene. Denne rosa limte eg på baksida.  Eg vaska stempelet med stempelrens etterpå, og då fekk eg eit mykje betre trykk. Så det har eg no gjordt med alle. 


Kort nr 2. Her er det kun dei to små svart blomane invendig som kjem frå stempelplatene. Desse var det ikkje dies med til disverre, så dei måtte eg klippe ut for hand.  



Kort nr.3  Her har eg stempla opp sommerfuglane i gult, og sverta dei med litt grønt i midten. Eg likte veldig godt effekten av det, litt meir usikker på fargevalet, men skal prøve meg litt fram.  Motivet på framsida er eget foto.




 Vifta på høgre brett er her stempla opp 3 ganger med svart, sverta med brundt på kantane, og krølla litt. Eg var ikkje heilt fornøgd med blomsteroppsatsen, så eg tok fram litt kvit akrylmaling og mala over blomar og pynt, då vart det mykje betre.


Bur du i Førde, eller omegn, og lager kort, anbefaler eg å ta turen innom Bokuben for å sjå alt det flotte som er kome inn.

Klem Anita

1 kommentar:

  1. Alltid kjekt med nye "leiker" til denne hobbyen :) Lurt med dies som passer til stempla.
    Ekstra flott med eget foto som dekor.

    SvarSlett