tirsdag 22. august 2017

Kreative Hender Digis.

Papirlosjen har ein sponsor som heiter Kreative hender digis, du finn den på FB.

Vi har fått nokre stilige motiv med katter og hunder, og eg har leika meg litt med dei.
Eg må først få seie at eg er ikkje noke verken katt eller hund person, men desse var faktisk veldig moro å fargelegge, og bruke på kort. Utrykka er knallbra, og effekten med brillene gjev eit leikent utrykk.   Tekstane er også frå Kreative Hender Digis.

Det første eg viser er eit brusdagskort, som kan passe til mange anledningar, teksten "Gratulerer med dagen, måtte den bli like fin som deg" er veldig mykje brukt blandt tenåringar.



Innsida


Her har eg dekorert ei notatbok. Syntes han her var knall, han kikker opp over noke, og enten lurer på kva du gjer, eller på om han kan gjere nokre sprell.

Brillene er heilt konge.

Teksten. "Barnslig, ord som benyttes av kjedelige personer for å beskrive morsomme personer" passa heilt på denne.  Brillen har fått eit lass med glitter.




Klem Anita

1 kommentar:

  1. Eg som både er katt- og hundeperson likte desse motiva godt. Flott fargelegging.

    SvarSlett