onsdag 11. januar 2012

Blått og Kvitt gutekort.

Fant endå ei utfordring eg berre måtte prøve.  Denne gangen hos:
Kortgleder, der utfordringa var "Hvit og blå vinter".

Alle ungane skal i bursdag til helga. Daniel skal i dobbelbursdag til to i klassen, og eg har derfor laga kort til ein av dei.

Malene lagar korta sine sjølv, men håpar eg får lov å lage Victoria sitt. Ho er 5 og tykjer det å lage kort er kjempemoro, dessutan er ho flink. Så det spørs om mamma vert danka ut der også...

For ein gong skuld veit eg at arket heiter Vinterdrøm, og er frå Kreativ hobby
Stempelet er Digitalt, og eg må ærleg inrømme at eg ikkje hugsar kor eg kjøpte det.
Snøkrystallane er skorne med dieser frå Marianne Design, eg har dessutan stempla ekstra snøkrystallar på kortet.
"Bårda" bak Grautlerer, samt "stjernene" er skorne med Nellie Snellen dies.

Motorsykkelen er frå Ladybug and friends




1 kommentar: