søndag 23. juli 2017

Like men Ulike

Eg har vore så heldig å bli spurt om å lage nokre bryllaups kort i sommar, og eit av dei var til 2 menn. 

Diesen som er brukt bak, er lik og blomstrane er heimelaga, så mykje er likt, men resultatet vert veldig ulikt.

Mennene er laga med ein dies frå Dixi craft, eg har skore den ut fleire ganger, slik at kvar mann fekk 2 skuggar og litt dimensjon. Dei har også fått eit lag med glossy accent over seg for å stå litt ut frå resten.


Det andre brudeparet er eit stempel frå Kort og Godt, farga med Promarker.

Og kvifor viser eg dette i dag? Jo for å minne om at Papirlosjen har ei utfordring gåande, der alt er lov. 




Klem Anita

torsdag 13. juli 2017

Gratulerer med dagen! Lacy Sunshine

Eg er veldig glad i å fargelegge motiv, og har fargelagt i fleire år med Promarker, men har no utvida verktøyskuffa med ein neve Copics i tillegg. Det er alltid ein diskusjon, kva likar ein best, kva anbefaler du til venner osv.

Tusjane kan miksast då begger er alkoholbaserte, og teknikken er nokenlunde den same, uavhengig av merke. Det er to store hovedforskjellar slik eg ser det, tuppane, og at Copic kan refillast.  Og så prisen då. Copic er dyrt.

Dei fargane i Copic eg har kjøpt er hud /hår, fordi dette er fargar  eg brukar mykje, og det vil løne seg å kunne kjøpe refill i staden for nye tusjar. Og så likar eg veldig godt tuppane når eg skal fargelegge hår. Eg har eit par andre fargar også, dei lilla og grøne på dette kortet er Copic.  Denne lillatonen, finst ikkje hos Promarker.

Motivet kjem frå Lacy Sunshine, og heiter Rory's Sunflowers, og sjølv om eg ikkje er så glad i at håret sjuler eine auge, er dette eit nydelig motiv, og ikkje minst veldig kjekt å fargelegge.

Når eg har brukt så mykje tid på å fargelegge eit motiv, så vil eg ikkje drukne det i pynt, så derfor pyntar eg slike kort litt enkelt.

ALT ER LOV,  det er ufordringa denne månaden hos Papirlosjen. så her er det berre å hive seg rundt å ta bilde av det du har laga.  Med det veiret vi har på vestlandet, så er eg sikker på at nokre av dokke i allefall har brukt tida inne.






Klem Anita

torsdag 6. juli 2017

Lacy Sunshine

Lacy Sunshine er sponsor hos Papirlosjen i Juli/August utfordringa. Det betyr av vi som lagar inspirasjonsbidrag har fått 3 nydelige stempel å fargelegge. Og at den som vinn, vil kunne velge seg 3 stempel hos dei som premie.

Første man ut hos meg er Celestial Dreamer, en skikkelig søt digi.

Eg veit ikkje om det er meininga at jenta er naken, men eg fant ut at eg ville farge henne litt frimodig, og med andre fargar en forventa.  Å fargelegge månen bydde på utfordringar, og eg er ikkje sikker på at eg er heilt fornøgd med resultatet. Håret derimot vart slik eg yngste det.

Blomane eg har brutk er mesteparten heimelaga, unnataket er snurreblomane, dei har eg fått.



Blomen til høgre på innsida er frå ein pakke med Tim Holts Diecutt, den til høgre er stempel og dies frå Kaiserkraft.



Håper du vert frista til å vere med i utfordringa vår.. Tema; Alt er lov, og det burde vere innafor for dei fleste. 

Klem Anita