Viser innlegg med etiketten 10*10. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 10*10. Vis alle innlegg

søndag 21. januar 2018

Dame lan - scrappe treff..

Du kan kalle det kva du vil, men når 15 damer møtes over papir og lim, blomster og bling, skjærebrett og linjal, motiv og oppskrifter, så blir det ein fantastisk dag. Slik er det berre.

"2 gode naboer" og flotte damer inviterte til Lørdagstreff på Kletten i går. Ein kan seie mykje om oss som var der, men kjedelge det er vi ikkje. Latteren runga i lokale, komentarane på kanten, mykje skryt, og mange gode klemmar.

Det er noke heilt spesielt når alle går heim med eit stort smil rundt munnen, og allerede gledar seg til neste møte.

Vi har hobbyen til felles, men ut over det er vi i ulike aldrar, vi har ulike liv, og interesser. Men ingenting av det spelar noke rolle når vi møtes.

Denne gangen hadde eg utfordra ei av dei andre til å lage restekort. Så vi sat og konkurrerte heile dagen om å lage flest kort av egen restar.

Her kjem eit biletras av det meste av det eg laga. Eit par av korta blir presentert i Februar i Paprilosjen i staden.

Kort  1, blomster laga med Heartfelt Creation stempel og dies, mm. alt laga av resteark.

 Kort 2, stempel kreative hender digis, tekst skrive i word.


 Kort 3, motiv og pynt er av resteark, tekst er skrive i Word.

 Kort 4, Motiv Mo Manning. 

Kort 5, motiv Delicious Doodles

Kort 6, stempel The Paper Shelter - desse sel stempelsett der du får med fargelag motiv av det du kjøper.  Tekst er klipt ut fra et reste ark.


 Kort 7. stempel Kreative hender digis.  Tekst er skrive i Word.


Slå et slag for restepapiret, Neste utfordring eg vil viderbringe er: bruk gamle dies.

Klem Anita


tirsdag 24. januar 2017

Småkort del 3

Her kjem dei seks siste korta frå øskja mi

Det øverste og det nederste motivet er frå KennyK, ein av mine favorittar.  Resten er frå The Paper Shelter ein annan favoritt.  Tekstane er skrivne ut på pc.










Denne punchen er frå Nelly Snellen og ikkje heilt ny. Den har gjøymt seg i ei skuffe i ca 2 år no, så det var verkeleg på tide å rote den fram igjen.




Klem Anita

mandag 23. januar 2017

Småkort del 2


Her kjem eit ras av småkort i størrelse 10*10. Eg hugsar ikkje kor mesteparten av arka kjem frå, men dei eg hugsar skriv eg rett over bildet.

Det første motivet kjem får Saturated Canary, den butikken er desverre lagt ned, då kunstnaren har valgt å konsentrere seg om andre ting.  Motivet er fargelagt med Promarker, scanna inn og skrive ut i passe storleik på fotopapir.  Tekstane er skrivne ut på pc.  Resten av motiva kjem frå The Paper Shelter.  Her har eg brukt dei ferdig farga trykka.




Ark: Graphic 45





Treng du slike kort, ta kontakt, eg lagar gjerne til deg. 
Klem Anita

søndag 22. januar 2017

Småkort del 1

Skulle tru det er samlebåndsproduksjon eg driv med, å vent, det er det. ;)

Inger Anne kom på besøk forje lørdag, og hadde ikkje med seg verken papir eller lim? Vi tok fram restekassa, og sidan ho ville leike med 10*10 kort, så "berre måtte" eg det også.


Eg har ein del motiv frå The Paper Shelter. Når du kjøper stempel der, får du eit eksmeplar ferdig fargelagt.  Eg har ikkje brukt desse før, men skreiv ut eit ark med motiv til kvar av oss, slik at vi skulle ha eit utgangspunkt.
Seinare i veka har eg skrive ut egenfarga motiv på fotopapir også.


Slik såg øsja mi ut i går kveld, ei veke etter eg starta. 
Og kva skal eg med alle desse korta? Vel, eg har ei prinsesse på 10 år og ei jente på 16, begge tykjer det er kjekt å ha med eit kort når dei går i bursdag. Disse korta er supre å ha liggande til det. Dessutan sel eg disse til kr. 45 pr stk. så nokre blir nok lagt ut for salg på Bokuben/Panduro i Førde. 


Var ikkje plass til alle desse korta i ein post, så eg legg ved 3 av dei her. Når det gjeld arka eg har brukt så er det restar, Det øverste er Graphic 45, nr. 2 er frå Magnolia og den siste hugsar eg ikkje. Det første motivet var fargelagt frå The Paper Shelter, dei to andre har eg sjølv fargelagt. 
Eg synes at insida skal var pynta på disse korta også. 



Denne jenta kjem frå All dressed up


 Og denne jenta kjem frå Karen Wyeth - Kaz Krafts


Er berre å sende meg ei melding her eller på FB, om du ynskjer kjøpe kort hos meg, eg lager også på oppdrag om du har spesseielle ynskjer!

Klem Anita