lørdag 24. juni 2017

Det spøker

Eg var på scrappetreff i Gloppen / Sandane i februar, og der fekk vi teste nokre Hus-dieser fra Tim Holts.  Dei hadde både kyrkje og spøkelses hus, som utviding.

Det var ingen overasking at eg måtte prøve meg på spøkelseshuset.

Eg har festa eit enkelt kort under, slik at søstrene til Konfirmanten fekk skrive ei lita helsing. For etter så mykje jobb, så måtte eg bruke det til noke fornuftig. Konfirmanten var svært nøgd med "kortet"

Eg hadde mykje konsulenthjelp til dette huset. Inger Anne og Lise, var mine bord damer utover kvelden /natta, og vi diskuterte ulike måtar å få fram røyk frå pipa, farga glas, og gardiner i vindauga.

Eg må inrømme at ein av dei tinga eg sjølv vart mest fornøgd med, er skjor reiret på toppen.





Klem Anita



torsdag 22. juni 2017

Kaiserkraft dies og stempel

I går la Inger Anne på Bokuben ut bilder av nye varer som var komt fra Kaiser Kraft. Ei av platene med stempel og dies, hadde eg bedt henne å ta inn, og eg tok med meg ei til når eg først var der.

Eg må berre seie det, eg digger disse setta. Eg prøvde meg litt fram med trykk på litt rolige mønsterark, og endte opp med trykk i svart og grønt. Det var kjempe enkelt å få dei fine.

Så det blei 4 kort til sammen i dag.

Her er setta eg kjøpte meg...


Første kort. Her har eg brukt 3 av stempela på plata til høgre. Noke på innsida, og noke på utsida.  


Dette kortet er ikkje 6*6 og då får eg ikkje nokk dekor ark til å dekke alle sidene. Denne rosa limte eg på baksida.  Eg vaska stempelet med stempelrens etterpå, og då fekk eg eit mykje betre trykk. Så det har eg no gjordt med alle. 


Kort nr 2. Her er det kun dei to små svart blomane invendig som kjem frå stempelplatene. Desse var det ikkje dies med til disverre, så dei måtte eg klippe ut for hand.  



Kort nr.3  Her har eg stempla opp sommerfuglane i gult, og sverta dei med litt grønt i midten. Eg likte veldig godt effekten av det, litt meir usikker på fargevalet, men skal prøve meg litt fram.  Motivet på framsida er eget foto.




 Vifta på høgre brett er her stempla opp 3 ganger med svart, sverta med brundt på kantane, og krølla litt. Eg var ikkje heilt fornøgd med blomsteroppsatsen, så eg tok fram litt kvit akrylmaling og mala over blomar og pynt, då vart det mykje betre.


Bur du i Førde, eller omegn, og lager kort, anbefaler eg å ta turen innom Bokuben for å sjå alt det flotte som er kome inn.

Klem Anita

torsdag 15. juni 2017

Audhild har ei ny utfordingsgruppe på FB

Og eg hadde eit kort som passa.
Linken finn du her Kreative Stunder

Du treng ikkje ha blogg for å delta, for du legg bilde rett i mappa. Oppgåva er at det skal vere eit bryllaupskort, og at det skal vere blått til stades :)

Kortet er laga på bestilling, men eg har ikkje kunne vise det fram, før eg var heilt sikker på at mottakar har mottatt det.









Klem Anita


mandag 12. juni 2017

Copic og The Paper Shelter

Då eg begynte med fargelegging av motiv, var The Paper Shelter ein stad eg gjekk for å handle, eg likte dei søte små jentene der, og dei passa supert til mi jente som då var 5-6 år på det tidspunktet.

Eg har vore borte frå dei ei stund, men har kikka innom, sån no og då, og tykjer dei har komme med så utruleg mange fine stempel i det siste.

Så no har eg handla 4 nye, og dette baby stempelet var eit av dei.

Copic Norge har ei farge utfordring denne månaden, og eg har ikkje mange copic tusjar. For utan om hud og hår, så har eg 2 kombinasjonar lilla (den eine berre 2 tusjar som eg vann ein gang) og ein grøn kombinasjon..  Heldigvis var fargeutfordringa i rosa/lilla og blå tonar.. :)

Eg klarte å fargelegge heile bildet med kun Copic.  - og leverer det derfor til utfrodringa hos Copic norge - Utfordring #87  - Notat til meg selv, sjekk fristen på utfordringen, denne gjekk ut i går.

Men The Paper Shelter har forsatt en utfordring jeg kan vere med i :)

Eg har jobba litt for å finne ein hud kombinasjon eg likar. Er ikkje sikker på at eg er heilt i mål, men begynner å nærme meg. Akkurat no brukar eg E13,E11,E21, E00 og E02 til kinn (eg har E23, men endte opp med for mørk hud. Kan vere eg brukte for mykje av den, litt usikker).  Eg har også R22 og R20 som eg no bruker som lepper, men er ikkje heilt einige med dei endå.

Hår har eg E59, E57, E55 og E51 (E53 vart feil for meg, så den har eg droppa) Eg har også E79 for å få det mørkaste mørkare, men sidan eg ikkje kjenner copic så godt, kan det godt vere det finst betre fargar for å gå endå mørkare.



Til dokke som kjenner meg, nei eg skal ikkje kvitte meg med Promarkerane, eg er forsatt kjempeglad i dei, men eg er hekta på tusj, og copic har nokre kombinasjonar, og tuppar eg ikkje finn hos Promarker. I tilegg til refil, som eg ser vil vere ein kjempepluss når det gjeld hudtonar, for der har eg brukt 4-6 blush i allefall sidan eg begynte å fargelegge med tusj. 

I am entering this in the callange #297, Flowers, - the stamp is colourd whit Copic. 

Klem Anita

søndag 11. juni 2017

Stort herrekort

Eg har prøvd meg på eit kort til, som i storleik passar saman med det med rosene. . Men denne gangen er det eit litt meir maskulint kort.

Sommerfuglane kjem frå Tim Holts, det samme gjer den stilige herremannen på baksida.

Arka kjem frå Kaiser Kraft.



Når størrelsen på kortet er så stor, så har eg ikkje nokk ark til å pynte alle sidene, men restane brukar eg gjerne slik.






Klem Anita

torsdag 8. juni 2017

Ei lita rose

Feiringa held fram hos Papirlosjen, og eg vil feire med roser i dag.

Eg har laga ein del blomar i det siste, og ein av dei er denne rosa her. Den er enkel å lage, og tek ikkje så veldig lang tid.
Denne tek utgangspunkt i ein Panduro punch. Den er på 1,5" diameter.  Punchen kjem i sett på 3. Dei to største synes eg passar godt i lag, den minste brukar eg alltid for seg sjølv, for den er liten.

Viss du har ark som er ganske like på begge sider, kan du sverte kantanae i staden for å måle dei. Det blir veldig fine roser, som passar perfekt til prosjekta dine.

Eg brukar restepapir når eg lagar blomar, og sidan eg målar dei, så treng dei ikkje ha same farge.

Eit lite obs. Eg erfarer at punchane ikkje alltid er så glad i dei tjukkaste arka, som Bazil og Maja, så bruk helst litt tynnare ark.



Eg startar med å punche ut 5 like roseblad.


Så formar eg dei. 3 av dei blir forma likt, det er dei 3 underste på den ferdige rosa. Eg hadde ikkje noko spesialutstyr, men korken på ein roll-gell pen er rund og fin, og fungerer heilt greit til føremålet. 


Dei 2 siste "knip" eg, detter er dei to som skal vere i midten av rosa. 


Så malar eg dei på ei side, dei to som skal i midten, maler eg av og til på begge sider, men dei må malast på "undersida"
Her har eg først gjeve dei eit strøk blått, og så brukt den gull/grønne frå kanten og inn.  Malinga eg har brukt er frå Prima, men bruk noke du alt har i tinga dine. 

Her er dei to som skal bli til knopp limt saman, legg merke til at malinga er på utsida/undersida av desse blada, Det som er inne i midten vil ikkje syne når den er ferdig.


Her er det 3 blad limt på

4 blad.

 Og den siste. Pass på at dei ikkje kjem direkte over kvarandre, men "midt i mellom" den forje. Eg brukar også ein tynn redskap og "dyttar" litt hardt ned i botnen på rosa for å få ho til å forme seg litt meir. For å få det til må du ha ei slik svart matte under, eller noko anna som gjev etter ved trykk. 


Desse blada er diesa ut med ein Kort og Godt plate. Svert kantane litt før du limer dei på blomen. Eg passer også på at dei berre syner litt utforbi blomen. 


Det siste eg gjer, er å fylle litt lim ned i midten, og helle nedi nokre microperler.


Eg bruker Panduro Quick glue på slike blomar, for den tørkar raskt, men ikkje så raskt som limpistol.  Og eg får "lim over alt" når eg brukar limpistol på så små prosjekt.  Men bruk det du likar best. Men om limen brukar lang tid å tørke, så bør du lage fleire blomar om gangen, og late dei tørke mellom kvar liming. 


Vi har fremdeles bursdag hos Papirlosjen, og her er blomen brukt på eit bursdagskort til ein liten gut.  Eg er fremdeles fasinert av såpeboblene.  Stempelet er fra Mo Manning


Klem Anita






onsdag 7. juni 2017

Legends of the sea - del 2

Då er eg endeleg klar til å vise dei 2 siste korta eg laga med kortkittet frå Scrapomania

Eg legg ved bilde av det første kortet også, for å vise kor mykje du får ut av eit kort kitt.  Og eg har 2 ark, og ein neve pynt igjen.

Den pynten eg har lyst å trekke fram, er eit band av hamp. Det kunne eg trekke og dra i, på same måte som osteduk, og kan difor lage flotte underlag til blomar, eller noko som likna på fiskegarn.

3 kort, og ark nokk til eit til, er ein super start om du vil begynne med kortlaging. Eller berre trenger inspirasjon til å komme igang igjen.  Kort kitt finn du her: Scrapomania.



 Eg begynte med det andre kortet, dette er laga med ark-restane etter det. 
 Her ser du hampen under dei nederste blomane, og noke av den klipte eg i stykker og stakk nedi øverst.

 Tutorialen til dette kortet finn du her: Twist pop up card, by Maymay.

 Baksida

Her er det første kortet eg laga. 
Dette er standard 15*15 kort, pynta på alle sider.  Informasjon om kortet og fleire bilder finn du her: Legends of the sea

Eg gløymde å ta bilete før eg starta, men her er det som var igjen etter at første kort var laga. 


Klem Anita


mandag 5. juni 2017

Papirlosjen er 3 år!

Og vi liker å feire, vi liker veldig godt å feire. Så då blir det bursdagsfeiring.

Sidan vi er jubilantar, så skal vi også gi bort litt gaver. Alle DT-ene skal gi bort kvar sin RAK.  Gledar meg ein heil masse til å  kike på alle bidraga, som forhåpentleg vis kjem.

Denne gangen er det eit bilde ein skal hente inspirasjon ut i frå.
Men du må innom Papirslojsen for å sjå det ;)

Eg har laga eit bursdagskort utan motiv denne gangen.

Blomstrane har eg laga sjølv, og eg skal vise korleis eg gjer det litt seinare denne månaden.




Insida fekk berre pynt på eine delen, då størrelsen på kortet er så stor, at eit mønsterark ikkje kan delast på fleire en 2 sider. 

Baksida fekk restar av mønserakra, det eine snudd opp ned, og eit par sommarfuglar.


Klem Anita


torsdag 1. juni 2017

Bryllup hos Papirplaneten

Utfordringa i Juni hos Papirplaneten er Bryllup og bruk blonde / bånd.

Eg er så fornøgd med Kort og Godt sitt stempel, synes det er eit nydeleg brudepar. Her har eg farga det med Promarkers i brun tonar og sett det på puter.

Litt bling i form av hjarter, 3 heimelaga blomar og eg var i boks. Til brudeparet er stempla rett på papiret med Archival Ink, ei stempelpute eg synes er uovertruffen til tekst stempel.

Litt blonder måtte med.
Arka kjem frå Kaiserkraft Mademoiselle kolleksjonen.

Bilda er tatt, liggande på magen i graset, kl. 21:30 om kvelden. Sola var fremdeles på fjell toppane, så det var eit godt lys ute.






Klem Anita