Viser innlegg med etiketten Gut. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gut. Vis alle innlegg

torsdag 8. juni 2017

Ei lita rose

Feiringa held fram hos Papirlosjen, og eg vil feire med roser i dag.

Eg har laga ein del blomar i det siste, og ein av dei er denne rosa her. Den er enkel å lage, og tek ikkje så veldig lang tid.
Denne tek utgangspunkt i ein Panduro punch. Den er på 1,5" diameter.  Punchen kjem i sett på 3. Dei to største synes eg passar godt i lag, den minste brukar eg alltid for seg sjølv, for den er liten.

Viss du har ark som er ganske like på begge sider, kan du sverte kantanae i staden for å måle dei. Det blir veldig fine roser, som passar perfekt til prosjekta dine.

Eg brukar restepapir når eg lagar blomar, og sidan eg målar dei, så treng dei ikkje ha same farge.

Eit lite obs. Eg erfarer at punchane ikkje alltid er så glad i dei tjukkaste arka, som Bazil og Maja, så bruk helst litt tynnare ark.



Eg startar med å punche ut 5 like roseblad.


Så formar eg dei. 3 av dei blir forma likt, det er dei 3 underste på den ferdige rosa. Eg hadde ikkje noko spesialutstyr, men korken på ein roll-gell pen er rund og fin, og fungerer heilt greit til føremålet. 


Dei 2 siste "knip" eg, detter er dei to som skal vere i midten av rosa. 


Så malar eg dei på ei side, dei to som skal i midten, maler eg av og til på begge sider, men dei må malast på "undersida"
Her har eg først gjeve dei eit strøk blått, og så brukt den gull/grønne frå kanten og inn.  Malinga eg har brukt er frå Prima, men bruk noke du alt har i tinga dine. 

Her er dei to som skal bli til knopp limt saman, legg merke til at malinga er på utsida/undersida av desse blada, Det som er inne i midten vil ikkje syne når den er ferdig.


Her er det 3 blad limt på

4 blad.

 Og den siste. Pass på at dei ikkje kjem direkte over kvarandre, men "midt i mellom" den forje. Eg brukar også ein tynn redskap og "dyttar" litt hardt ned i botnen på rosa for å få ho til å forme seg litt meir. For å få det til må du ha ei slik svart matte under, eller noko anna som gjev etter ved trykk. 


Desse blada er diesa ut med ein Kort og Godt plate. Svert kantane litt før du limer dei på blomen. Eg passer også på at dei berre syner litt utforbi blomen. 


Det siste eg gjer, er å fylle litt lim ned i midten, og helle nedi nokre microperler.


Eg bruker Panduro Quick glue på slike blomar, for den tørkar raskt, men ikkje så raskt som limpistol.  Og eg får "lim over alt" når eg brukar limpistol på så små prosjekt.  Men bruk det du likar best. Men om limen brukar lang tid å tørke, så bør du lage fleire blomar om gangen, og late dei tørke mellom kvar liming. 


Vi har fremdeles bursdag hos Papirlosjen, og her er blomen brukt på eit bursdagskort til ein liten gut.  Eg er fremdeles fasinert av såpeboblene.  Stempelet er fra Mo Manning


Klem Anita






søndag 4. september 2016

Papirplaneten septemberutfordring

Bursdagsfeiring for 4 gutar i 5 klasse og dattera mi var invitert.

Eg laga boksar, rett og slett fordi eg hadde lyst og tid til det. Boksane vart fyldt med lite grann snop, og ein bitteliten konvolutt med pengar.

Arka er frå ei Haloween blokk eg hadde liggande. Eg la også nedi eit enkelt kort som min datter hadde skrive ei lita helsing på.

Papirplaneten hyller høsten, med ei skikkelig høstutfordring.










Klem Anita

søndag 21. februar 2016

Reggie

Måndens sponsor hos Papirlosjen er Lacy Sunshine, og vi har fått noe av deres stempel som vi skal presentere i løpet av februar.
Dette er Reggie, han finnes med ulikt tilbehør og passer supert til små gutter.

Kortet er laget på en base av kraftkartong, og rester av ulike 6*6 blokker. Blomstene er  Wild Orchid Craft, Sommerfuglen Kort og Godt, Disen som er brukt er Tim Holts Honnycomb, og punchen er Martha Stuart Haunted Fence  Stempelet er  Reggie Sweet Urchin  fra Lacy Sunshine

Reggie er farget med Promarker.
De små hjertene er der for å fortelle at månedens tema/utfordring er hjerter.




Innsiden
 Klem Anita

søndag 7. februar 2016

1 år

Nevøen min er 1 år i desse dager, og i går fekk eg komme i selskap.

Laga ein tag til han denne gangen, Sjølve taggen er to mønsterark limte saman, resten er restepapir. Disen er honniecomb, og stempelet kommer fra Lacy Sunhine og heter Gamer Reggie



Klem Anita

tirsdag 19. januar 2016

Maling og Inkagold

Før jul laga eg ein del bakgrunnar, desse har eg hatt liggande ferdig svartmåla i ei øskje fram til no. Gut ungen skulle i bursdag til 2 kameratar, og då var det tid å finne fram bakgrunnane og gjere dei om til ferdige kort.

Sidan guten skulle i bursdag, og korta skulle gjerast ferdig i "hyrten og styrten"  vart det ikkje tid til å kvalitetsjekke bilda før korta for ut døra..  Så motivet "forsvant".. og det glitra litt i meste laget.

I tillegg til Inka Gold har eg bruk akrylmaling sølv kjøpt hos den lokale Panduroforhandlaren.

Men eg har 4 kort til liggande klare for montering, så skal få tatt noke betre bilder av dei. Når det gjeld materialar så er det restar av bassil som er embossa, det er 50-øringar, knappar, metalskiver, sikerhetsnål og delar av gammalt smykke. Du vil også finne blanke Mica Flakes og dekorstein. Eg avslutta med nokre charms.

Til slutt, eg slit litt med pyntinga av disse, blir ikkje skikkelig fornøgd. Eg satsar på at det vil ordne seg på sikt, når eg vert tryggare på mix media, og klarer hente inn fleire materialar i arbiedet. Om du har tips til ting eg kan putte på /under / over, så blir eg veldig glad om du legg igjen ein kommentar på det!



Klem Anita

torsdag 29. oktober 2015

Skisse

På scrappetreffet i Førde hadde vi ein skissekonkurranse, og slikt må ein jo vere med på.

Skissa fekk eg på pdf, så eg får ikkje lagt den ut, men tykte eg løyste oppgåva granske greit. Eg tykjer egentlig skisse oppgåver er vanskelige.

Ark kjem frå Studiolight 6*6 blokk som heiter Industrial
Townhous dise er Tim Holts, og er laga i mosegummi, eg har limt på eit folieark bak, for å få lys i vidua.  Metallet er delevis kjøpt på e-bay, og delevis frå kassa med ting eg samlar.  Halvperlene er frå Nille.  Stempel er Mo Manning

Eit lite ras med bilder under her :)







Klem Anita

torsdag 11. juni 2015

Edwind

Eg må tillstå eg er litt svak for desse stempela som forestiller gutar i 3-6 års alderen. Og Edwind som sjørøvar er ein vinnar når eg skal lage kort til gutar i den alderen. 

No er det ei tid sidan eg fargela denne, men skona er i Warm grey, skjorta Cold grey og sverdet Blue grey (f).
Resten er Satin, Sandston, Caramell og ein mørkare brun. litt usikker på kva av dei.  Hud: Burnt orange, Coral, Sundkissed pink og Blush.

Eg har brukt Tim Holts- Gadget Gears og stanset ut mine egne stempel i mosegummi og Ez-mount.
Blå og Brun akrylmaling vart dytta på med ein svamp og stempla på bakgrunnen.  Den lange biten med brunt ark er bada i kaffi, har fått samme behandling som arket, og deretter ei runde med craklepaint, før ny runde med stempel og distressing av kantar. WOC blomster, og sjørøverskute fra Kort og Godt.  Dei blanke steinane var ei gåve, og eg synes dei er aldeles nydelige.





Klem Anita



lørdag 2. mai 2015

Påan igjen!

Konfirmasjonstid er virkelig tid for kort, masser av kort. 

Heldige meg får lov å lage mange av disse korta, og i dag er det eit gutekort med mykje "stasj", maling og metall som står for tur. 


Kortet starta enkelt med eit motiv og eit todelt panel på framsida, høgre og venstre side har ulik bakgrunn. I tillegg hadde eg kjempeflaks med sola då eg tok bilde, så fekk fram detaljane på ein super måte. 

Stempel er KennyK, ark er rester, stjerner er stansa ut, de samme er tanhjul. Dei tre stavane øvers har vore festa på eit klesplagg, og kjeden er også frå ungane. 

Melder denne på her: Card and scrap



Klem Anita

mandag 6. april 2015

Konfiramsjon

Konfirmasjonskort, igjen?  Vert mykje av dei frå meg for tida, er sesong for den typen kort her på Vestlandet. Papirplaneten har ei ny utfordring ute å går, med tema, ja nettopp, konfirmasjon. 

For dei som har kikka innom bloggen min i det siste, så har de nok fått med dokke at eg har vore ivrig på utfordringane til Ett Trykk - 29 i talet.  Det var mykje fokus på ulike teknikkar henta frå magasinet si 10 år lange historie.   

Dette er eit smettekoart, laga på mal etter bladet.  Enkelt og veldig stilig. 
Anbefaler alle å ta vere med i Papirplaneten utfordring denne månaden. 



Klem Anita

søndag 29. mars 2015

Ett Trykk Jubelerer 27 - embossing

Embossing er noko eg gjer ca. 2 ganger i året, som regel i forbindelse med noko ny julepynt eg har funne på nettet ein stad. 


Men ei veninne Siri  lagar nokre tøffe konfirmasjons motiv der ho fargelegg bakgrunnen med promarker og stempler med svart over, eit eksempel ser du her.  Eg har lenge tenkt eg skulle prøve dette, og det passa supert til embossing. 

No tykjer eg at stempelet Siri har er tøffar en mitt, og at eg nok skulle hatt svart embossingpulver, men vart no ikkje "so ryse gale" med sølv heller. 

Konfirmat kjem frå Kort og Godt, og har fått blank embossingpulver på. 

Legg denne inn i Ett Trykk jubileumsutfrodring 27







Klem Anita

fredag 27. mars 2015

Ett Trykk jubelerer 24 Eske med kort.

Denne har eg laga før, den gang som bryllupskort, og etter måla i oppskrifta.

Denne gangen ville eg lage eit røffare kort, så det blei et konfirmantkort til gut.  Inne i kortet har eg limt inn eit band, som ein kan rulle ein papirpenge under. 

Stemple KennyK, punch MS, dise Marianne.

Denne melder eg inn i Ett Trykk jubelerer 24 - en eske








Klem Anita

torsdag 26. mars 2015

Ett Trykk jubelerer 4 Transparent

Transparent, eg laga meg like godt mitt eget. 

Eg la motivet under eit lamineringsark, fordelte stjerner inni og laminert dei. Eg la to lag med lim fra limpistol mellom motivet og det blanke arket, for å lage ein boks som eg har fylt ekstra stjerner. Desse stjernene kan du riste rundt :)

Dette kortet skal med i Ett Trykk jublerer 4 - transparent. 







Klem Anita

Ett Trykk jubilerer 6 - Slide kort

Slide kort - eg måtte smake litt på det ordet før eg begynte på kortet.  No har eg laga eit, og det gav meirsmak,  eg er ikkje heilt trygg på at festinga vil holde så lenge, men har nokre idear til forbedring på den. 


Stempel er KennyK. Papir - egnogreeting, retro style 

Legg denne inn i Ett Trykk - slide kort 




Klem Anita


søndag 15. mars 2015

Oppgave 7 - resteark

Å lage kort av resteark er ganske moro. 
Eg har kikka på  " Fire kjappe" i Ett Trykk nr. 6/2014 ei stund. og med resteark oppgåva var det ein perfekt kombo.  Stempelet er Magnolia, Taggen bak er kjutta med Shilouette, Gratulerer kommer fra Scrappemagasinet. 
Ark bassil og restekassa :)

Denne skal med i  Ett Trykk jubeleumsutgave  7 



Klem anita



søndag 8. mars 2015

Et trykk oppgave 18

Kjappis. 

Desse korta "berre vart slik".  
For å forklare nærmare, eg begynte med 2 stempeltrykk og ein ide om å bruke rester fra en sjokoladeeske. Då eg skulle finne meir pynt så fann eg ut at det vart best med lite pynt.   Det var nesten smertefult å ikkje "lesse på" med blomstrar og metall, men eg er svært fornøgd med at eg lot det vere. 
Ark: bassil, og Tim holts blokk Ideology (gutt) Panduro Juleblokk (jente) Tekst - Kort og godt dise. 
Stempel KennyK.

Desse legg eg inn her : Et trykk jubeleumsutfordring 18 - Kjappiskort



Klem Anita