torsdag 11. juni 2015

Edwind

Eg må tillstå eg er litt svak for desse stempela som forestiller gutar i 3-6 års alderen. Og Edwind som sjørøvar er ein vinnar når eg skal lage kort til gutar i den alderen. 

No er det ei tid sidan eg fargela denne, men skona er i Warm grey, skjorta Cold grey og sverdet Blue grey (f).
Resten er Satin, Sandston, Caramell og ein mørkare brun. litt usikker på kva av dei.  Hud: Burnt orange, Coral, Sundkissed pink og Blush.

Eg har brukt Tim Holts- Gadget Gears og stanset ut mine egne stempel i mosegummi og Ez-mount.
Blå og Brun akrylmaling vart dytta på med ein svamp og stempla på bakgrunnen.  Den lange biten med brunt ark er bada i kaffi, har fått samme behandling som arket, og deretter ei runde med craklepaint, før ny runde med stempel og distressing av kantar. WOC blomster, og sjørøverskute fra Kort og Godt.  Dei blanke steinane var ei gåve, og eg synes dei er aldeles nydelige.





Klem Anita



1 kommentar:

  1. Åh, kjempefint! Herlige detaljer og flott fargelagt motiv! Klem ;)

    SvarSlett