mandag 5. mars 2018

Pastel med I Am Roses

I am roses har utrolig mykje fine blomar, og gleda var stor då Papirlosjen vart sponsa av dei, for ikkje berre ein, men fleire månadar.

Eit lite tips på vegen. Eg synes nettsida deira var litt vanskeleg å finne fram i, men dei har ein blogg. Eg går inn i bloggen, finn prosjekt med fine blomar, og føl linken tilbake til rett plass i nettbutikken.

Tema i Mars er Pastel

Etter å ha snakka med ei flott scrappeveninne og kikka på youtoub videoar av Maremi "berre måtte eg" lage eit hus til ein fe eller to..
Ungane har lurt på kva eg skal bruke det til. Det lurer eg litt på sjølv også, men eg har laga det, det var kjempekjekt. Eller som Maremi seier " I love, love it".




 Her har eg plukka ein av blomane frå kvarandre, for å lage knoppar/stilkar.

Klem Anita