søndag 23. september 2018

For Bokuben


I 3. utgave av Ett trykk 2018, fant eg fleire steg for steg forklaringar på ulike kort.

Eg har no prøvd meg på alle tre. Den eine har eg laga før, men synes den framleis er nydelig


Stemplet er frå Kort og Godt, ei av dei nye juleplatene. Eg må sei eg digga geviret til hjorten.

Motivet er først stempla med brun stempelpute, embossa og fargelagt med ei anna stempelpute.
Eg skal prøve å lage ein kort video på korleis eg gjer det.
Blomane er laga med ein dise frå Lene, men det finst ganske mange ulike merker som fungerer likt.
Pynte perler frå Kort og Godt. Ringane bak motivet har fått ei runde med Gliding Polish. (du finn video der eg demonstrere den her

Alle produkta eg har brukt på korta finn du hos Bokuben. På tagen er det litt meir ymse :)







Dette kortet har eg aldri laga før. Men denne oppskrifta var morsom.  Eg har fleire idear til korleis eg vil leike med den i framtida.
Dei kvite blomane nede er også heimelaga med diesen du ser på bilete. Dei røde blomane har Inger Anne laga.
Mål og framgangsmåte finn du i Ett trykk som du ser øverst her.




Det siste eg vil vise fra mer ein Tag eg har vist fram før, men også den finn du steg for steg framgangsmåte i bladet. 
Og skal eg være erleg, så var fargane ho i bladet brukte mykje finare en mine. Så neste gang skal eg gå for skarpare fargar :)

Då eg laga denne tagen sat eg og Marit Sæterdal på kvar side av bordet og sendte bladet fram og tilbake mellom oss.  Vi brukte same fargar, og same diesar, men litt ulike blomar og figurar. 
Like men ulike :)





Du finn korta og min tag utstilt hos Bokuben. 
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt, enten her eller på FB
Klem Anita