onsdag 28. november 2018

Enda meir jul, trur eg.

Eg fekk ei lita blokk oppi nevane, med spørsmål om eg kunne lage nokre kort ut i frå den.

Klart eg kan.  Det var mange fine motiv, så problemet var helst kva eg skulle velge først.
Det første eg laga er kort nr. 2 her for det motivet med sauer, det kunne eg ikkje bla forbi. Difor er det også litt diskret pynta, for ikkje øvedøyve motivet.
Blomane er frå I am roses, og farga med glimmermist. (dei var kvite)

Tagen derimot, der har eg virekelig kosa meg. Den er full av små og store element frå blokka, så det gøymer seg under, og ogver andre ting.








Klem Anita


mandag 26. november 2018

Julekort

Eg har laga nokre julekort til utstilling på Bokuben.
Dei to øverste er med Papirdesign sine juleark, og laga etter mal i frå Ett Trykk (nr 3 i år)

Dei nederste er med Maya Design sine ark. Eksa har eg laga mal til sjølv. Kortet fekk eg mål til av noken på treff. Eg har endra frå cm til tommar, då eg synes det er lettast.







Dei aller flerste av blomane er også her heimelaga.

Klem Anita

søndag 25. november 2018

Baby blue

Det vert mykje dåpskort produsert, for det er desidert det eg sel mest av. 
Og korta eg viser i dag er akkurat det. Blå dåpskort.

Eg har prøvd meg på andre fargar, men dei sel ikkje så godt, så eg trur vi er ganske konservative når vi skal gje dåpskort til vener. 

Den første guten er Mo Manning, den andre er The Paper Shelter. Begge er farga med tusj, scanna inn og skrive ut på fotopapir. 

Utanom dei kvite småblomane, er alle blomane heimelaga.

Sidan arket har teksten barnedåp, på det første kortet. Har eg her veld å bruke gratulerer dies over blomane i staden for dåpsbarnet. 








Den blå perla er farga med copic, då eg ikkje hadd enokon god blå å bruke. 





Ok eg laga litt andre også, eit meir dempa kort, med stempel får Kreative hender digis. 
Her er to kvite blomar spraya med glimmer mist. 


Klem Anita