Viser innlegg med etiketten Tag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tag. Vis alle innlegg

tirsdag 29. januar 2019

Du blir ikke eldre

Det er alltid kjekt å leike seg, og etter nyttår har eg hatt god tid til å prøve ut nye ting, på egne premisser.

Eg hadde det veldig moro, då eg skulle lage denne tagen. Eg brukte ein kjøpt tag som base, og limte på ein rest av eit panduro ark. Eg har sverta kangar og klippe nokre vimplar av nokre andre restar.

Alle som kjenner meg veit at eg likar mykje pynt, mange blomar og gjerne litt bling. Å stoppe med så lite pynt, er hardt. Men eg synes det er knallfint.

Blomen er heimelage. Den er et eksperiment med tusj og blyant og scanner.
Teksten finn du på ei kjekk stempelplate frå Huldra designstudio. Den heiter Rampestreker
Eg har lagt Paper Glaze over i eit litt for tjukt lag, og så strødde eg i litt glitter når det var vått.





fredag 31. august 2018

Monstermoro

Eg er så heldig å få lov å være Gjeste designer hos Huldra designstudio.
Og eg har hatt nokre søte monster på bordet mitt nokre dagar.


Denne Tag'en er laga med Distres oxide, akvarellmaling og embossingpulver.

Eg begynte med å stemple monstera og embosse dei, så farga eg taggen med Distres oxide.

Eg tok fram akvarellmaling og måla monstera slik at dei skulle passe i farge til tagen.
Etter skyggelegging og litt pirking, klarembossa eg alle små monster 2 ganger, for å få dei til å "poppe" litt ut av arket.

Til slutt vart baksida limt på, og kanten sverta lett med den blå stempelputa eg har brukt.

Du finn stempelplatene hos Hobbykunst. HER





Baksida kjem frå ei anna plate, som inneheld nokre søte aper, og knalltøffe tekstar.

Her stempla eg og embossa først, og så måla eg med akvarellfargar til slutt.


Klem Anita


onsdag 1. august 2018

En enkel tag

ArJo's Tag og ATC kos på Facebook, har månadleg utfordring.
Prosjektet må være Tag eller ATC.

I år er det medlemmar av gruppa som står for utfordringane kvar månad, og då blir utfordringane veldig ulike fra gang til gang.

Eg tykjer det er veldig kjekt å prøve nye ting, nye teknikkar ol.  No er det ikkje alltid ein må prøve så mykje nytt, men oppgåvene er veldig tydelige, så du har nokre gongar smale tema, med begrensa mulighet for teknikk/utstyr.

Juli oppgåva var: Tag eller ETC med fargelagt motiv og bruk av dies.

August oppgåva er: TAg elelr ETC med stempel som hovudmotiv, den skal vere fargerik og ingen bruk av dies.

Dette er vide oppgåver, men samtidig har dei teke vekk eller gitt oss nokre kriterier å jobbe ut i frå.  Ein ting eg tykkjer er veldig kjekt med desse utfordringane er at det er liten størrelse, og kjekke å teste ting på.

Mi tolking av juli oppgåva.


Klem Anita



torsdag 31. mai 2018

Utfordringar.

Eg er litt glad i utfordringar, og på FB finn du ein del av dei.
ArJo's Tag og ATC er ein av dei, i mai var det bingo.


Eg velde sugerør, hjerte og stempel.




Scrappefryd hadde også utfordring i mai. 

Her la eg inn 2 bursdagskort, sidan utfordringa var nettopp bursdag. 





Klem Anita

tirsdag 22. mai 2018

Tag til flaske

Det er ikkje heilt uvanleg å gi ei lita merksemd når nokon har flytta in i ny bolig.

Eg har laga ein tag til ei flaske som eg tykkjer passar til dette.
Blomane er heimelaga, Stempelet kjem frå The Paper Shelter
Tagen er laga for Hverdagsnett





Klem Anita


søndag 13. mai 2018

Siste innspurt

Eller i alle fall nesten.

Dei siste åra har eg laga konfirmasjonskort for sal hos Bokuben/Panduro i Førde. Også i år har eg gjord det. Og no nærmar det seg slutt på Konfirmasjons sesongen her i Førde, og dermed vert det rolegare på produksjonsfronten ei stund, så eg kan kose meg med å lage blomar og anna pynt innimellom korta eg lagar. 

Vi fant ut i fjord, at det var lurt å lage litt ekstra kort, slik at vi er litt frampå til neste år. Det er også planen i år, så derfor kjem no eit bilderas med kort eg har laga dei aller siste dagane. 
Eg har framleis dilla på ramekort, så det har vorte mange av dei i år. 
Alle korta har pynta insider, med eit fint dikt og skrivefelt







Ikkje alle treng store kort, så eg lagar taggar også. Desse er riktignokk litt store, då eg har brukt heile bredda på det arket eg begynte med, og avpassa lengda slik at det skulle sjå bra ut.




Klem Anita

onsdag 14. februar 2018

Gult er forsatt kult.

Eg var på Gloppen scrappeeventyr i helga som var, dei damene kan virkelig det å få oss andre til å føle oss velkomne, og verdsette.

Oppgåva dei gav oss før treffet var: Lag eit gult kort, med max 2 andre fargar.
Her er mitt bidrag.
Eg laga ein tab, der eg brukte restar av ulike gule ark til å lage pynten. Einaste eg brukte utanom var litt gull og nokre små ord.




Klem Anita

tirsdag 23. januar 2018

Arjo januar

Det er ei kreativ og koseleg gruppe på FB som heiter ArJo`s TAg og ATC
Kvar månad får vi ei ny oppgåve vi kan bryne oss på.

Oppgåva i januar er Vintage + embossing/maling.

Eg har virkelig kosa meg med denne.
For 5 år sidan var eg på kurs hos Anja i Anjas Kortkreasjoner. Vi lærte å lage kaffebad, og farge gamle ark. Den gangan gjekk eg rett heim, og laga nytt kaffebad med ungane. Resultatet er ein kasse med ark eg kan ta i frå ved behov.
Eg har "splatta" med maling,  rota fram ting som har blitt liggande alt for lenge, og motiv frå Tim Holts.





Klem Anita

søndag 12. mars 2017

2 år

Når du er 2 år, så er du klar for alt, også å fly.
Min nevø har fylt 2 år, og eg skal snart få gi han gave.

Taggen eg har laga er pynta med tanke på at en nysgjerrig gut på 2 år skal ha glede av den.

Eg har brukt stempelet: The Dragon and the Knight fra StraStampz, og lagt det under ein ristekopp.
Eg veit at min nevø kjem til å plukke denne i frå kvarandre, men eg er også sikker på at han vil like den.

Eg har brukt ein rest av eit papir som passa i farge, ein masse bling og perler er på plass inne i ristekoppen. På baksida har eg limt ein tag til i nøytralt papir, slik at eg har ein stad å skrive ei lita helsing.

Både bokstavane og tagen er laga med Tim Holts diser.

Dette var min inspirasjon til månadens utfordring: Vinger, hos Papirlosjen.



Klem Anita

tirsdag 28. februar 2017

På tampen av februar.

Eg har alltid planar, mange planar, om alt eg skal rekke.

Og eg har så god tid, for ein måned er så lang, trur eg.  Brått var Februar nesten slutt, og eit par prosjekt måtte lagast på kort tid.


Ein tag og eit bursdagskort til barn.

Taggen var både måla og embossa for lenge sidan, men eg var ikkje fornøgd, så no har eg måla den kvit og pynta den.




torsdag 22. desember 2016

Luke 22

Eg er forelska - i eit stempel - eit til og frå stempel.

Trur eg har brukt det 30 ganger til no, og det ligg ferdig utskrive til å bli brukt igjen. :)

Kva stempel eg snakkar om?  Stempelet Digi111 "Til og Fra".

Eg har ein del restar etter julekort produksjon, og disse er perfekte til mitt føremål. Eg har skrive ut stempelet i ca. 12*6 cm, ganske stort med andre ord. Du kan sjølvsagt skrive det ut i den storleik du ynskjer, og denne passar perfekt til litt småpynting, med restar etter produksjonen i adventstida.

Eg har planar om å skrive det ut litt større, og lage pakkelapper til ellers i året, til dei pakkane eg ikkje vil ha eit stort kort med på.

Ein kan gjere det enkelt, som med ugla, den har kun fått litt glitter lim, eller avansert som med juletreet. Eit band som passar til, og du har ein unik pakkelapp.




"Gadd" ikkje ta fleire bilder etter at eg tok dette, og no er ein del av lappane komen på pakkar.


Klem Anita

fredag 2. desember 2016

Dag 2 av adventskalenderen

Eg er så heldig at eg får åpne luke 2, i årets adventskalender hos Papirlosjen. Eg har difor lyst å gje dokke, ein for meg ny idee, og forklaring på korleis eg gjorde det.

I år hadde eg planar om å lage pakkelapper av restepapir, for å gjere litt ekstra stas på dei som får gåver. Men då eg såg stempla til Gitte i Kreativehenderdigis, forstod eg at her nytta det ikkje med restepapir, eg måtte skrive ut stempla slik at de virkelig kom til sin rett.

Stempla er skrive ut på mønsterpapir, og motivet er fargelagt. Det første eg gjorde var å skjere eit 30*30 ark til, så det passa i skrivaren (a4). Skal du prøve dette, så sjekk at skrivaren din tek tjukkare ark, slik at du ikkje ødelegg den.
Så kutta eg ut stemplet med til/frå, la det opp ned over motivet eg ville bruke, og tegna rundt. Eg fargela den søte musa med Derwent - Colour soft blyanter, og limte delane sammen. Det vart enkel pynt, då pakkelappar gjerne skal lagast i litt større mengder, og motivet er så nydeleg i seg sjølv.

Stempla eg har brukt heiter: Digi 44 (mus med treet) og Digi 111 (til / frå lapp). Du finn dei under julestempel.


I det siste bilde vil du finne min RAK, som blir gitt vekk til ein av dei som leverer inn bidrag i desember hos Papirlosjen.







Klem Anita

søndag 20. november 2016

Jula har inntatt hobbyrommet

Jula kom til meg også, denne gong i form av ei ny panduro blokk.

Eg har laga ein pose, eit lite minialbumm og ein tag. Og kva eg vart mest fornøgd med?  Tagen. Motiva er Toppers frå Dixie Craft, og i kvar pakke kjem eit ark som viser kva som er inni. Tre av desse små firkantane kunne eg bruke som motiv, så dei er klypte ut og brukt på tagen.

God jul er skore ut med ein dise frå KaBoks. Trur eg måtte kjøpe tekst og skugge kvar for seg, så det vart litt dyrt, men den er veldig fin og mykje brukt. Stjernene er skore ut med ein Marianne Design dise som er del av et sett med embossingplate.
Den romantiske snøkrystallen på posen er frå Xcut.  Ellers så har eg brukt Tim Holts - Wildflowers og Hollyday greens.  Blomane er frå Papirdesign og Wild Orchid Craft.  Tekst er skrive ut på pc.


For dei som bur i Førde, så står dette i utstilling på Bokuben (Panduro) og ho har heilt sikkert fleire blokker igjen :)

Det kjem julekort også, sånn om litt... Trur eg :)




Klem Anita

onsdag 14. september 2016

Video - bakgrunn på tags

Eg skulle lage nokre modellar, for Bokuben Førde, der eg skulle bruke Inca Gold og Stensilar.  Eg har ei stund tenkt at eg ville prøve å lage video med framgangsmåter, og fant ut at denne oppgåva burde kunne filmast.

Sidan dette er min første video, så set eg stor pris på konstruktiv kritikk, slik at eg kan gjere det betre neste gang, om det blir ein neste gang. Eg snakkar på norsk, for min engelske uttale, og ikkje minst ordforrådet er ikkje det beste.

Taggane er skorne ut med ein Tim Holts Dise, 2 av stensilane som er brukte er Tim Hots, og er i same størrelse. Den siste er ein eg har laga med Thinlits frå Tim Holts.
Stempel kjem får Saturated Canary, Kax Kraftz og KennyK.
Eg har brukt Inca Gold, Mica Powder. Til slutt er et par av kantane sverta litt. Blomstrar frå WOC, blonder - Noke Bokuben, noke er gamalt gardin.  Tekst skrive ut på pc.








Klem anita