Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

onsdag 28. november 2018

Enda meir jul, trur eg.

Eg fekk ei lita blokk oppi nevane, med spørsmål om eg kunne lage nokre kort ut i frå den.

Klart eg kan.  Det var mange fine motiv, så problemet var helst kva eg skulle velge først.
Det første eg laga er kort nr. 2 her for det motivet med sauer, det kunne eg ikkje bla forbi. Difor er det også litt diskret pynta, for ikkje øvedøyve motivet.
Blomane er frå I am roses, og farga med glimmermist. (dei var kvite)

Tagen derimot, der har eg virekelig kosa meg. Den er full av små og store element frå blokka, så det gøymer seg under, og ogver andre ting.








Klem Anita


mandag 26. november 2018

Julekort

Eg har laga nokre julekort til utstilling på Bokuben.
Dei to øverste er med Papirdesign sine juleark, og laga etter mal i frå Ett Trykk (nr 3 i år)

Dei nederste er med Maya Design sine ark. Eksa har eg laga mal til sjølv. Kortet fekk eg mål til av noken på treff. Eg har endra frå cm til tommar, då eg synes det er lettast.







Dei aller flerste av blomane er også her heimelaga.

Klem Anita

søndag 23. september 2018

For Bokuben


I 3. utgave av Ett trykk 2018, fant eg fleire steg for steg forklaringar på ulike kort.

Eg har no prøvd meg på alle tre. Den eine har eg laga før, men synes den framleis er nydelig


Stemplet er frå Kort og Godt, ei av dei nye juleplatene. Eg må sei eg digga geviret til hjorten.

Motivet er først stempla med brun stempelpute, embossa og fargelagt med ei anna stempelpute.
Eg skal prøve å lage ein kort video på korleis eg gjer det.
Blomane er laga med ein dise frå Lene, men det finst ganske mange ulike merker som fungerer likt.
Pynte perler frå Kort og Godt. Ringane bak motivet har fått ei runde med Gliding Polish. (du finn video der eg demonstrere den her. 

Alle produkta eg har brukt på korta finn du hos Bokuben. På tagen er det litt meir ymse :)







Dette kortet har eg aldri laga før. Men denne oppskrifta var morsom.  Eg har fleire idear til korleis eg vil leike med den i framtida.
Dei kvite blomane nede er også heimelaga med diesen du ser på bilete. Dei røde blomane har Inger Anne laga.
Mål og framgangsmåte finn du i Ett trykk som du ser øverst her.




Det siste eg vil vise fra mer ein Tag eg har vist fram før, men også den finn du steg for steg framgangsmåte i bladet. 
Og skal eg være erleg, så var fargane ho i bladet brukte mykje finare en mine. Så neste gang skal eg gå for skarpare fargar :)

Då eg laga denne tagen sat eg og Marit Sæterdal på kvar side av bordet og sendte bladet fram og tilbake mellom oss.  Vi brukte same fargar, og same diesar, men litt ulike blomar og figurar. 
Like men ulike :)





Du finn korta og min tag utstilt hos Bokuben. 
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt, enten her eller på FB
Klem Anita





fredag 15. desember 2017

Fyrstikk esker

I dag har eg baka rundstykker og kokos makroner. Eg har pynta toffè eske og hørt på en flokk 17 år gamle jenter steike og pynte pepperkake. Med andre ord, vi forbereder oss til jul.

Torsdag er min fridag fra jobb, og det blir dermed ofte den travlaste dagen i uka. Da skal jo alt gjøres. Heldigvis så har jeg noen torsdager innimellom der jeg ikke gjør noe som helst.  

Adventstida er for meg en haug med stress, og en like  stor haug kos og familie tid. Det er den beste og verste tida i året. Alt på en gang. 

Det eg vil vise frem i dag, er noen fyrstikkesker jeg pynter. Noen blir solgt, og resten brukt til små gaver sammen med lys eller tenn briketter. 

Her er 2 av dem. Eskene er ca 4*10 cm, og pynta med rest-ark.  Øverste motiv er fra Heartfelt Creation. Nederste er et motiv jeg har "krympa" til passe størrelse på pc. Det er egentlig et gammelt kort. 



Klem Anita

tirsdag 12. desember 2017

Julekort

No nærmer det seg jul, og om få dager bør alle korta være sendte.

Eg er ein person som "alltid" brukar motiv, og har difor utfordra meg på å lage noko uten motiv for ein gong skuld. Inspirasjon fant eg i ei av gruppene på FB. Laga av "Heidis roteloft"

Blomstrene er heimelaga med diser frå Heartfelt Creation, blad er Tim Holst, og pyntebær er fra Kort og Godt.

Stempel er Papirdesign.





Klem Anita

søndag 19. november 2017

Frå bokuben si utstilling

Det er på høg tid eg viser fram litt av det eg har laga til Bokuben i haust. Stempel som er brukt er frå Kort og Godt, og Papirdesign. Du finn dei veggen på butikken.

Ein av mine favorittar i år eg banneren "Gledeleg Jul", den blir så fin ut klypt.









Dette juletreet er eit av stempela på Papirdesign si stempel plate, det var veldig kjekt å dekorere på ulike måtar. Eg har brukt glitterlim og bling. 






Denne boksen var veldig moro å lage, figurnae som er brukt er Panduro figurar, som eg trur er beregna til å lage julepynt/kransar med. Eg har brukt mykje glitter og lim. Ein del hemelagar blomar, og polergarn som eg har farga sjølv. (Polergarn, er tråd som ein bonar bil med, du får store posar bla. på biltema)





Og så var det denne, som Monica har lert "heile Norge" å lage i år. motiva eg har brukt her er eit stempel + dise sett, der eg først har stempla og fargelag, for så å bruke dise å stanse dei ut med. Digger dei. God Jul er Papirdesing.

Klem Anita

fredag 6. oktober 2017

Julekort i oktober.

Er berre i Oktober og eg har laga 2 julekort alt...

Må vel innrømme at det ikkje var heilt mitt valg, men det første var ei utfordring, og det neste var stempel fra vår fantastiske sponsor Scrapomania.no


Eg fekk ei stempelplate fra Kort og Godt, med fine tekstar og eit par bladkvistar.



På scrappetreffet her i Førde i haust kjøpte eg denne blokka. Eg fant den ikkje i nettbutikken, men det kan vere ho kan skaffe den igjen. Den er i tradisjonelle julefargar, med innslag av varm orange. Midt i blinken for meg. 


Eg har også lyst å vise et par detaljbilder, frå prosessen. 
Eg har eit lag Bazil, under dekor arket, og ein base i kraft under der igjen.

Eg skulle pynte insida, men syntes overgangen fra mønstret papir til kvit sirkel vart for voldsom, så eg har sverta litt utanfor sirkelen og litt innanfor. Dette gav ein fin overgang, og roa ned arket noko.


Framsida vart også for rotete til motivet, så eg sverta arket litt for å "roe det ned", og det fungerte supert. 


Ferdig framside på kortet. Tekst stempelet, og dei mørkaste grøne lauva er først stempla, så embossa med blankt pulver.  Eg har brukt alle blada rundt kanten fleire ganger, i 2 ulike fargar.
Motivet er skore ut med ein Nellie Snellen dise. 


Eg pynter alltid innsidene på mine kort, enten med ein liten tekst, eller med eit motiv slik som her. Dette er ein nydeleg dise, som Monica viste meg på treffet. Og hennar overlevelseskunstner er formidable.. Eller var det eg som var lett å overtale kansje?
Disen er fra Stuido light. og heter Woodland Winter. 



Insida, eg har bruk samme dise til skrivefelt som bak hjorten, sverta kantane litt, og pynta litt.

Det finst mange måter å "roe ned" eit ark på, å bruke stempelsverte er berre ein av dei. Det er i allefall ein teknikk det er moro å prøve.

Klem Anita

søndag 24. september 2017

Jul i september

Utfordringa Jul i September er snart over, men du har forsatt tid til å levere inn bidrag.

Eg har kosa meg med promarker og eit Magnolia Stempel. Eg har pynta relativt enkelt denne gangen. Ingen dekor ark, og reine fargar. Det var sol då eg tok bildet, og det har eg utnytta for å få lys inn på lykta Tilda held i handa.

Papirplaneten har mange, mange Magnolia stempel til ein veldig hyggelig pris.


Klem Anita

søndag 1. januar 2017

The Paper Crafting - desember 2016

Eg var med i jakten på 8 julekortmakere i desember 2016. Eg vart veldig glad då eg vart spurd om å vere med på dette, for det er stort å få lov å bli presentert på deira nettstad.

Informasjon om kortet finn du her: the Papercrafting, + litt meir om meg og korleis eg feira jul.

Men eg har lyst å vise fram kortet på bloggen min også, så derfor kjem det litt bilder her. Stempelet på framsida er Digi 150, og det på innsida er  Digi -112. Begge frå Kreative hender digis på FB.






Eg ynskjer alle lesarane min eit godt og kreativt nytt år!
Klem Anita