Viser innlegg med etiketten Lerret. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lerret. Vis alle innlegg

torsdag 2. april 2020

Et lerret endelig ferdig.

For sikkert over eit år sidan såg eg ein video med Maremi SmalArt.

Eg limte då på trådane og grunna bilde. ... og så stod det der i minst 6 månadar.

Eg kjøpte flytande maling /ink, og tilførde farge.... og så stod det deri 6 måndra til.

Men no har eg pynta det ferdig og gitt det vekk.
Blomstrane er Sweet Peony fra Heartfelt Creation.




Klem anita

torsdag 1. september 2016

Dørskilt

Eg har laga eit dørskilt til 14 åringe min. Motiv og tekst var han med å bestemme, i tillegg til et par innspel når det gjaldt korleis det skulle sjå ut.


Informasjon om matrerialar + framgangsmåte finn du her: Barnemix.no.

Men har lyst å vise bilda her også.




Klem Anita

onsdag 10. august 2016

Enda et bilde.

Dette bildet er laga "berre fordi" og no har mottaker fått det så eg kan vise det fram til resten av "verden"

Lerret er 30*70 slik som dei andre, og eg har gjordt meg nokre nye erfaringar når det gjeld produkt.
Først: trelim funkar, den held på plass alt eg har prøvd den på til no. Men, og her er et men, eg veit ikkje korleis den vil fungere på sikt. Den eg brukte tørka litt gul, noko som ikkje spelte noko rolle sidan eg skulle grunne alt før eg begynte å spraye/male, men eg ville ikkje brukt den på blomane osv. til slutt. Eg er ikkje redd for at ting skal løsne etc. for trelim blir brukt til å holde ting saman i hus :)

Dylusionspray kan endre karrakter på flaska etter eit par år. Eg har ein del sprayar som er 2-3 år gamle, og 2 av dei (midnight blu og orange) "tørkar ikkje". Dvs. eg får farge på fingrane etter at dei skal vere tørka. Eg løyste dette ved å inkapsle det med decopage lim, men irritasjonen var stor når eg holdt på.


Det var erfaringane, over til biletraset.  Denne gangen hadde eg motakar i tankane heile veien, og ville at resultatet skulle inneholde detaljar som gjennspegla hans interesser og yrkje. Bildet er difor maritimt, med ein del hint til yrkje og hobby skult i detaljar.


Denne bilen har eg gleda meg til å få bruke. (kinderegg)

Fisken er i lær, det er noko av det som blir igjen når dei skjer ut slirer på knivfabrikken.

For ein del år sidan var det poppulert med hengande blomsterpotter etter snører som var laga av skjell eller makrame. Eg har ei slik lenkje liggande, den passar perfekt på slike bilder.




Klem Anita

søndag 3. juli 2016

Lerret nr 3 og 4

Min far og min bror har bursdag i mai. Sidan mine 2 første lerret var ferdige, og det var komme ynskjer (frå mi mor) om eit slikt bilete, så bad eg dei velge farge ut frå dei 2 fyrste, og laga eit til kvar av dei.

Denne gongen legg eg ikkje ved noke beskrivelse, men om du lurer på korleis eg lagar desse så finn du det her: Mixed media

Eg har brukt same sommarfuglen på alle som fokuspunkt. Eg har testa ut litt anna, men denne vart best. Treng nokk å finne på noko nytt om eg skal lage fleire bilder. No er det ikkje så stort problem at desse er like alle saman, for dei heng i ulike hus.












 

Etter spraying.

Det røde før maling.


 Klem Anita

onsdag 29. juni 2016

Lerret nr. 2

Eg var så gira då eg var ferdig med det første lerretet at eg måtte prøve meg på eit til, med ein gang..

Kvite lerret har eg alltid tilgjengelig på hobbyrommet, for dette er slike barna har fått brukt å leike seg med / male.  Nokre av dei vert heilt ferdige, og de rører eg sjølvsagt ikkje. Men når unge kunstnarar slår seg laus, hender det at det vert liggande litt halvfabrikata rundt om.  Og andre gonger er det den største ungdomen som har måla eit ord på lerret, og no er lei det.


Eg har denne gangen brukt ein del veldig tjukk papp som kom med ein spegel, nokre misslykka forsøk på hekling ( eit halvt snøfnugg og ein 5 kant), ellers er det ødelagte smykker, blonder, perler, band og anna stasj frå øskjene mine. I tillegg så har eg litt pappfigurar eg har skore ut. 



Eit lite tips. Punch ut fleire stykker av same figur, og lim dei oppå kvarandre, restepapir er supert til slikt bruk.





Her er eg begynt å male det kvitt, og det tok lang tid :)

Baksida, rosa fargen kjem frå forje brukar av lerretet, Dette er eit billeg lerret som truleg er kjøpt på biltema. Størrelse er 40*40cm
Klem Anita

søndag 26. juni 2016

Mixed media

Når eg skulle skrive dette blogg inlegget så brukte eg lang tid på å finne eit godt og beskrivande norsk ord for mixed media, utan å lykkast og det irriterer meg, så om nokon kan et så legg gjerne igjen ein kommentar.

For sikkert 1 år sidan begynte eg å klargjere eit lerret, men så stod eg fast, skikkelig fast, for eg viste ikkje korleis eg ville at resultate skulle bli.

Men så dukka det opp ein masse bilder på på FB over lerret som folk hadde laga etter å ha vore på kurs med Kirsten Hyde.  No har ikkje eg vore på dette kurset, og har difor ingen oversikt om kva materialar ho har brukt, men måten materialene var forma til eit tre på, fanga mi interesse. Og det var med det bildet i hovudet eg begynte på mitt eige lerret.

Det første eg fant ut av når eg holdt på med dette, var den ubeskrivelege store mengda lim som går med, og eg testa difor ut ulike limar til ein litt billeg penge, for å sjå kva eg kunne bruke, slik at eg slapp å bruke mange hundre krone i lim pr. bilde.
Eg har prøvd ut den gamle skulelimen, den fungert, Modpodge fungerte, decopagelim fungerte. Har og testa vanleg trelim, den har fungert på ark osv. men har ikkje prøvd den ut på metall endå.
Når eg lagar kort etc, vil eg nokk forsatt holde meg til RX, Quic limen, Scott gel, og andre limar beregna på det eg held på med. Men til slike store prosjekt, der det ikkje betyr noke korleis limen tørkar, eller om papiret bulkar seg, vil eg anbefale å eksperimentere litt om ein vil holde kostnaden nede.

Når det gjeld kva eg har limt på lerretet mitt, så er svaret det meste.  Eg har brukt gamle filler, perlerender, hamphyssing, blomster eg "ikkje liker" osv. Eg har også brukt ein del papp.

Tidsbruk - Laaaang.


Då eg begynte på dette lerretet, hadde eg limt på boksider, og brukt modeling past, før eg stod fast.
Eg begynte med å lime på forma eg ville ha, her ved hjelp av hamp, blonder og gamle filler.

 Deretter fylde eg på med masse detaljar, nokre i papp, delar frå gamle lys mansjetter , blonder, perler, blomster og andre ting eg har i Harry Potter øsja mi (den er mi skattekiste)

Når eg trudde at no var det nokk, sette eg bilete til side til dagen etter for å vere sikker på at alt tørka godt. Heile bildet vart måla kvitt, og ny natt med tørking. Det vert mykje søl når ein held på med dette, så eg anbefaler ein gammal voksduk som underlag.

Så er det tid for å leike med spray.  Her lønar det seg å la det tørke godt mellom laga, men dette er truleg den kjekkaste prosessen. 

Her har eg hoppa over ein del steg. Eg brukte pensel og akrylmaling/spray/inkagold for å lage skyggar og lys i bildet.  Dette er ein tidkrevade prosess, og det er først no ein bestemmer korleis det ferdige bildet skal sjå ut. 

Til slutt limer eg på fokuspunkta, her i form av blomar, perler og ein stor sommerfugl. 


Ein binders frå GilIt

Blomster fra Wild Orchid Craft. Perler frå ein gammal bordpynt.

Sommerfuglen er laga med  Tim Holts- Layered Butterfly - den er limt saman av fleire lag for styrke.

Ferdig resultat.

Håper dette kan inspirerer andre til å prøve seg, det går an å begynne i ein litt mindre målestokk en dette, då dette bilde er ganske stort. 

Klem Anita





onsdag 15. mai 2013

Bilde til Victoria

Eg har tre barn, og mine to eldste har fått kvart sitt læret med navnet på, samt diverse dekor.  Guttungen fekk eit med metalltape, litt steampunk, den eldste jenta fekk eit med masse blomster og ein sommerfugl. (det finn du i april her i bloggen)

Nå var det Victoria sin tur, og dette tok litt lenger tid enn dei andre, for eg hadde bestemt meg for å bruke mange magnoliastempel på det, det skulle bli eit skikkelig prinssebilete. No må det leggast til at Victoria er 7 år, og difor midt i ein svært rosa, bling, bling periode. Ho ville ha rosa blomster, helst knall rosa, skikkelig sterk rosa. No tykjer eg at det alltid er viktig å gjere kunden fornøgd, og etterkomme ynskjer, men eg tok meg den friheit å tone ned den sterke rosa fargen, og heller dusje det med litt glimmermist, og legge på litt bling.  Eg har mala med gesso, lys og mørk rosa + sølv.  Tilda er limt på med Lakklim (de du bruker til decoupage) 

Kunden min vart storleg fornøgd :)

Eg har prøvd å holde meg til færrast mogleg fargar på stempela. 

Klær: Anitque Pink, Salmon Pink, Cocktail Pink og Pale Pink. 
Blomster: Dusky Rose, Light fawn og Anitique White (dei 2 siste flex)
Hud: Burn Orange, Coral, Sunkissed Pink, Blush og Pastel pink i kinn. 
Hår: Sandstone, Buttercup, Daffodil Bloom (spring2012) og Ivory
Grøn: Marsh Green, Lime Twist, Lime Zest, Aniseed (flex)
Resten: Cinnamon, Oatmeal, Vanilla og Ivory

Ta ein tur innom Papirplanetens magnoliautfordring du også. 

Og er kjem eit bilderas.
Det ferdige bildet. 











Slik såg det ut før eg begynte å lime på. 



Melder dette inn i desse to utfordringene. 


Klem Anita

torsdag 11. april 2013

Uke 2 utfordring 5

Bakgrunn med struktur. 

Jeg har lenge hatt planer om å lage et navneskilt/ bilde til min eldste datter, og i tankene har dette vert ferdig en stund. :)

Jeg begynnte med et lerret og limte struktur på bakgrunnen. (papirlappene limte sønnen min på) Tyll og pynte-vev  Etterpå fikk alt seg en runde med Gesso. 

Fant fram gamle lysmasjetter, noen hjemmelagde papirblomster, og en sommerfugl som har tilhørt jenta bilde var til. 

Etter å ha festet alt med lim pistol, var det 2 runder med gesso før jeg var fornøyd. 
Et par runder med glimmermist, litt rosa maling på navnet, og enda litt gesso, var bildet slik min datter ville ha det.   Jeg hadde nok puttet på både litt blonder, perler og gjerne litt metall før jeg hadde stoppet. Men ho synest at jeg bruker for mye stæsj, og mener jeg bør kunne lage ting litt "enklere", så jeg stoppet før jeg "tok helt av"

Er selvfølgelig med i:









Bakgrunnen, etter første runde med gesso. 
Klem Anita