For sikkert 1 år sidan begynte eg å klargjere eit lerret, men så stod eg fast, skikkelig fast, for eg viste ikkje korleis eg ville at resultate skulle bli.
Men så dukka det opp ein masse bilder på på FB over lerret som folk hadde laga etter å ha vore på kurs med Kirsten Hyde. No har ikkje eg vore på dette kurset, og har difor ingen oversikt om kva materialar ho har brukt, men måten materialene var forma til eit tre på, fanga mi interesse. Og det var med det bildet i hovudet eg begynte på mitt eige lerret.
Det første eg fant ut av når eg holdt på med dette, var den ubeskrivelege store mengda lim som går med, og eg testa difor ut ulike limar til ein litt billeg penge, for å sjå kva eg kunne bruke, slik at eg slapp å bruke mange hundre krone i lim pr. bilde.
Eg har prøvd ut den gamle skulelimen, den fungert, Modpodge fungerte, decopagelim fungerte. Har og testa vanleg trelim, den har fungert på ark osv. men har ikkje prøvd den ut på metall endå.
Når eg lagar kort etc, vil eg nokk forsatt holde meg til RX, Quic limen, Scott gel, og andre limar beregna på det eg held på med. Men til slike store prosjekt, der det ikkje betyr noke korleis limen tørkar, eller om papiret bulkar seg, vil eg anbefale å eksperimentere litt om ein vil holde kostnaden nede.
Når det gjeld kva eg har limt på lerretet mitt, så er svaret det meste. Eg har brukt gamle filler, perlerender, hamphyssing, blomster eg "ikkje liker" osv. Eg har også brukt ein del papp.
Tidsbruk - Laaaang.
Då eg begynte på dette lerretet, hadde eg limt på boksider, og brukt modeling past, før eg stod fast.
Eg begynte med å lime på forma eg ville ha, her ved hjelp av hamp, blonder og gamle filler.
Når eg trudde at no var det nokk, sette eg bilete til side til dagen etter for å vere sikker på at alt tørka godt. Heile bildet vart måla kvitt, og ny natt med tørking. Det vert mykje søl når ein held på med dette, så eg anbefaler ein gammal voksduk som underlag.
Så er det tid for å leike med spray. Her lønar det seg å la det tørke godt mellom laga, men dette er truleg den kjekkaste prosessen.
Her har eg hoppa over ein del steg. Eg brukte pensel og akrylmaling/spray/inkagold for å lage skyggar og lys i bildet. Dette er ein tidkrevade prosess, og det er først no ein bestemmer korleis det ferdige bildet skal sjå ut.
Til slutt limer eg på fokuspunkta, her i form av blomar, perler og ein stor sommerfugl.
Ein binders frå GilIt
Blomster fra Wild Orchid Craft. Perler frå ein gammal bordpynt.
Sommerfuglen er laga med Tim Holts- Layered Butterfly - den er limt saman av fleire lag for styrke.
Ferdig resultat.
Håper dette kan inspirerer andre til å prøve seg, det går an å begynne i ein litt mindre målestokk en dette, då dette bilde er ganske stort.
Klem Anita
Åh, vakkert! Ein kjempejobb! Men resultatet blei flott!! Klem ;)
SvarSlett♥
SvarSlettSå flott lerret ;-)
SvarSlett-Helle-