Knappar, lydde oppgåva, og knappar skulle eg bruke. For eit par veker sidan var eg innom den lokale pandurobutikken og fant ei øskje med mange mange knappar, i pastellfargar, og i nydelege former, bla. hjerter, blomar, sommarfuglar og stjerner. Her har eg brukt sternene til å lage flyt i kortet.
Kortet er laga på ein base av kraftkartong, med Bazzil som mellomlag, og Kaiser Kraft - Time Machine. Teksten er henta frå banneren på arket eg har brukt. Hjertedisen er Nellie Snellen, og bannerdisen nederst er Spelbinders. Gratulerer er skrive ut på pc. Stempelet er berre heilt fantastisk spør du meg, ho heiter "Phyllis the festive fairy" Eg har fargelagt henne i fleire fargar, og gledar meg til å bruke henne meir.
Etter att eg hadde plasert ut knappane og litt glitter var eg i grunnen nøgdt med jobben.
Teksten på innsdia er også skriven ut på pc.
Klem Anita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar