Viser innlegg med etiketten Kreative Hender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kreative Hender. Vis alle innlegg

søndag 25. februar 2018

Tekst som motiv

Vi i Hverdagsnett fekk ei øskje med gummistempel frå Kreative Hender. Og vi har til sammen laga ein ein liten haug med kort der tekst står i fokus.

Eg anbefaler å ta ein tur innom Hverdagsnett for å sjå alle sammen.

Mine vil eg pressentere her:

Det første kortet er laga på eigen mal, og klypt ut for hand. Ark frå Kaiserkraft, og blomster laga med Heartfelt Creation dies.


Baksida

 Innsida

 Her er brukt ark frå Kaiserkraft og blomster dies frå Heartfelt Kreation.

 For at Teksten skulle få mest mulig fokus, er dette kortet laga i 10*10  med resteark.

Kortet er 5*7 for å få ei fin høgde til å bruke både tekst og motiv.  Motivet er også frå Kreative Hender, men det er ein digi. 

Klem Anita


søndag 21. januar 2018

Dame lan - scrappe treff..

Du kan kalle det kva du vil, men når 15 damer møtes over papir og lim, blomster og bling, skjærebrett og linjal, motiv og oppskrifter, så blir det ein fantastisk dag. Slik er det berre.

"2 gode naboer" og flotte damer inviterte til Lørdagstreff på Kletten i går. Ein kan seie mykje om oss som var der, men kjedelge det er vi ikkje. Latteren runga i lokale, komentarane på kanten, mykje skryt, og mange gode klemmar.

Det er noke heilt spesielt når alle går heim med eit stort smil rundt munnen, og allerede gledar seg til neste møte.

Vi har hobbyen til felles, men ut over det er vi i ulike aldrar, vi har ulike liv, og interesser. Men ingenting av det spelar noke rolle når vi møtes.

Denne gangen hadde eg utfordra ei av dei andre til å lage restekort. Så vi sat og konkurrerte heile dagen om å lage flest kort av egen restar.

Her kjem eit biletras av det meste av det eg laga. Eit par av korta blir presentert i Februar i Paprilosjen i staden.

Kort  1, blomster laga med Heartfelt Creation stempel og dies, mm. alt laga av resteark.

 Kort 2, stempel kreative hender digis, tekst skrive i word.


 Kort 3, motiv og pynt er av resteark, tekst er skrive i Word.

 Kort 4, Motiv Mo Manning. 

Kort 5, motiv Delicious Doodles

Kort 6, stempel The Paper Shelter - desse sel stempelsett der du får med fargelag motiv av det du kjøper.  Tekst er klipt ut fra et reste ark.


 Kort 7. stempel Kreative hender digis.  Tekst er skrive i Word.


Slå et slag for restepapiret, Neste utfordring eg vil viderbringe er: bruk gamle dies.

Klem Anita


torsdag 31. august 2017

Forsatt tid igjen - kreative hender.

Nå er det bare timer igjen av vår utfordring "Alt er lov", hos Papirlosjen. men hiver du deg rundt, rekker du det nok.

Jeg har laget et kort med stempel fra KreativeHenderDigis på FB. Grunnen til at eg valgte nettopp dette stempelet, var at jeg skulle lage et gratulasjons kort til en 18 åring. Jeg har faktisk brukt 3 av Gitte sine stempel på dette kortet: Motiv, gratulerer og magi.

Kortet er ca 7" høyt og 5,5" bredt. Når jeg lager den størrelsen, får jeg ikke nok ark til alle sider, og velger å bruke biter av design arkene til å pynte ene innsiden og baksiden med.

Beklager bildekvaliteten, tiden gikk i fra meg, og det gjorde også lyset. Og jeg har lagt litt glossy accent på motivet, og det gir gjenskinn i lyset fra blits og lamper.

De store blomstrene er hjemmelaget, to med punch fra Panduro, og to med diser fra Heartfelt Creation.





Klem Anita

tirsdag 22. august 2017

Kreative Hender Digis.

Papirlosjen har ein sponsor som heiter Kreative hender digis, du finn den på FB.

Vi har fått nokre stilige motiv med katter og hunder, og eg har leika meg litt med dei.
Eg må først få seie at eg er ikkje noke verken katt eller hund person, men desse var faktisk veldig moro å fargelegge, og bruke på kort. Utrykka er knallbra, og effekten med brillene gjev eit leikent utrykk.   Tekstane er også frå Kreative Hender Digis.

Det første eg viser er eit brusdagskort, som kan passe til mange anledningar, teksten "Gratulerer med dagen, måtte den bli like fin som deg" er veldig mykje brukt blandt tenåringar.



Innsida


Her har eg dekorert ei notatbok. Syntes han her var knall, han kikker opp over noke, og enten lurer på kva du gjer, eller på om han kan gjere nokre sprell.

Brillene er heilt konge.

Teksten. "Barnslig, ord som benyttes av kjedelige personer for å beskrive morsomme personer" passa heilt på denne.  Brillen har fått eit lass med glitter.




Klem Anita

torsdag 6. april 2017

Papirlosjen utfordrer

Papirlosjen utfordrer med foto denne gang.

Ofte er det foto av babyer eller konfirmanter vi brukar, men eg har leika litt med roser og lys for å sjå om eg kunne ta bilder av meir generell art.

Blomstrane er WOC og Prima. Ellers har eg brukt litt fjøyr og bling til å pynte med.

Tekstempel kjem begge frå Kreatvie Hender Digis.

Sponsor denne månden er Japan Photo og utfordringa finn du her.








Klem anita




søndag 1. januar 2017

The Paper Crafting - desember 2016

Eg var med i jakten på 8 julekortmakere i desember 2016. Eg vart veldig glad då eg vart spurd om å vere med på dette, for det er stort å få lov å bli presentert på deira nettstad.

Informasjon om kortet finn du her: the Papercrafting, + litt meir om meg og korleis eg feira jul.

Men eg har lyst å vise fram kortet på bloggen min også, så derfor kjem det litt bilder her. Stempelet på framsida er Digi 150, og det på innsida er  Digi -112. Begge frå Kreative hender digis på FB.






Eg ynskjer alle lesarane min eit godt og kreativt nytt år!
Klem Anita

torsdag 22. desember 2016

Luke 22

Eg er forelska - i eit stempel - eit til og frå stempel.

Trur eg har brukt det 30 ganger til no, og det ligg ferdig utskrive til å bli brukt igjen. :)

Kva stempel eg snakkar om?  Stempelet Digi111 "Til og Fra".

Eg har ein del restar etter julekort produksjon, og disse er perfekte til mitt føremål. Eg har skrive ut stempelet i ca. 12*6 cm, ganske stort med andre ord. Du kan sjølvsagt skrive det ut i den storleik du ynskjer, og denne passar perfekt til litt småpynting, med restar etter produksjonen i adventstida.

Eg har planar om å skrive det ut litt større, og lage pakkelapper til ellers i året, til dei pakkane eg ikkje vil ha eit stort kort med på.

Ein kan gjere det enkelt, som med ugla, den har kun fått litt glitter lim, eller avansert som med juletreet. Eit band som passar til, og du har ein unik pakkelapp.




"Gadd" ikkje ta fleire bilder etter at eg tok dette, og no er ein del av lappane komen på pakkar.


Klem Anita

onsdag 14. desember 2016

Luke 14

Utgangspunktet for kortet mitt i dag er det nydelige stempelet frå sponsoren vår.
Eg blir berre meir og meir glad i stempela frå Kreativehenderdigis.

Kortet i seg sjølv er ganske enkelt. Størrelsen er 6*8 og inni finn du kun pynteark på ei side, der som skrivefeltet er.  Pyntearket er fjordårets frå Studio Light, ellers er det brukt bazzil og kraftkartong. Pynten er Wild Orchid Craft, bast frå hobbybutikken, og noe fra Søstrene Grene.

Stempelet har fått ei runde med frantag embossing før det vart montert på puter.

Kortet representerer Luke 14 hos Papirlosjen, utfordringa i desember er Jul / Vinter.



Klem Anita

fredag 2. desember 2016

Dag 2 av adventskalenderen

Eg er så heldig at eg får åpne luke 2, i årets adventskalender hos Papirlosjen. Eg har difor lyst å gje dokke, ein for meg ny idee, og forklaring på korleis eg gjorde det.

I år hadde eg planar om å lage pakkelapper av restepapir, for å gjere litt ekstra stas på dei som får gåver. Men då eg såg stempla til Gitte i Kreativehenderdigis, forstod eg at her nytta det ikkje med restepapir, eg måtte skrive ut stempla slik at de virkelig kom til sin rett.

Stempla er skrive ut på mønsterpapir, og motivet er fargelagt. Det første eg gjorde var å skjere eit 30*30 ark til, så det passa i skrivaren (a4). Skal du prøve dette, så sjekk at skrivaren din tek tjukkare ark, slik at du ikkje ødelegg den.
Så kutta eg ut stemplet med til/frå, la det opp ned over motivet eg ville bruke, og tegna rundt. Eg fargela den søte musa med Derwent - Colour soft blyanter, og limte delane sammen. Det vart enkel pynt, då pakkelappar gjerne skal lagast i litt større mengder, og motivet er så nydeleg i seg sjølv.

Stempla eg har brukt heiter: Digi 44 (mus med treet) og Digi 111 (til / frå lapp). Du finn dei under julestempel.


I det siste bilde vil du finne min RAK, som blir gitt vekk til ein av dei som leverer inn bidrag i desember hos Papirlosjen.







Klem Anita

torsdag 1. desember 2016

Adventskalender og Jul med Kreative Hender

Papirlosjen har også i år ein adventskalender. Vi vil prøve å inspirerer, kvar dag frem til jul, med kort og andre papir kreasjoner.

I tillegg har alle Dt'ane ein RAK til sin personlige favoritt.  Det vil si at det er 10 personer som kvar får en RAK fra ein av oss.

Månedens sponser er Kreative Hender digis, og vi har fått nokre flotte julemotiv/tekster å leike oss med. Dei leverer også premien.

Eg har funne fram nokre gamle ark frå Riddersholmdesign - A Christmas Story, kraftkartong og brun bazzil.  Disen som brukt kjem frå Magnolia (den er også ganske gammal) og blomane kjem hovedsakleg frå Wild Orchid Craft.  God Jul er skrive ut på pc.
Motivet er skrive ut på kraftkartong og fargelagt med Coloursoft frå Denwert.

Anbefaler alle å bli med på utfordringa til Papirlosjen denne månaden. Det er virkelig verdt det.






Klem Anita

mandag 10. oktober 2016

Kreative hender digis


Kreative Hender digis kombinert med nydelige ark frå Marianne Design - Eline's Babies  og Studio Light- Shabbychic, kan ikkje bli søtare en det.

Disse vidunderlege stemplene er en fryd å fargelegge, og en fryd å bruke.  Blomstrene er hovedsaklig fra woc.  Tekststemplene tror jeg er fra kreativ hobby


Jeg hadde bare et igjen av hver av desse rosa arkene, de er a4 størrelse, så jeg delte dem på langs med en dise, slik at jeg fikk pyntet alle fire sidene noenlunde likt.



Desse er fra Shabbychic blokka til Studiolight, hjerte bakom blomstrene er en Tim Holts dise.






Håper du likte det jeg har postet, legg gjerne igjen en kommentar etter deg!

Klem Anita

mandag 15. august 2016

Ein liten prins

I siste innlegg posta eg ein boks til ei prinsesse, no er det prinsen sin tur.

Som sist har eg kikka i bloggar til folk eg likar for å finne inspirasjon, og hos Kirsten Hyde finn ein alltid noko spennande. Eg fant ein karusell ho har posta for ca. 1,5 år sidan, eg leita eigentleg etter ein av bilane hennar :) 

Sidan karusellen hennar kunne gå rundt, måtte min også kunne det, så etter litt tankevirksomhet fekk eg det til, og var i grunn godt fornøgd med meg sjølv.

Sjølve boksen er laga på ein base av litt tynn papp, kledd med fine ark frå Joy Craft - Baby Paper Bloc. Eg hadde ikkje mal på hestar, så eg teikna ein modell basert på hestane på arket eg brukte. Blingen som er brukt er frå Edelwise.

Kortet som er laga til har stempel frå Kreative Hender, ein norsk produsent av digitale stempel - verkeleg verdt eit besøk. Fargelagt med Promarker.

Karusellen og Kortet finn du utstilt i den lokale Hobbybutikken - Bokuben









Klem Anita