tirsdag 30. august 2016

Xmas Greetings

Jul i August, vel det er KennyK's FB side sin feil, dei hadde ein konkurranse no som gjekk på nettopp det, og sidan dei definitivt er ein av mine favorittar innan digis, vil eg prøve å henge med på nokre av konkurransane.

Eg vant den forje konkurransen, noko eg er rett stolt over, med dette kortet:



Men no er det jul det dreiar seg om, og kortet eg laga denne gangen er på base av Kraftkartong, bazzil og med pynte ark frå Gammal Panduroblokk.




mandag 29. august 2016

Aurora Wings

De som følger med på Barnemix.no har sett dette kortet før, men eg vil gjerne vise fram litt fleire bilder, sidan dette er eit stort kort med mange sider.

Motivet er fra Aurora Wings.

Basen er laga på ein papirpose, så det går med 3 mønsterark  og 3 bazzil for å lage eit slikt kort. Motivet inni er fra Saturated Canary.








Klem Anita

mandag 15. august 2016

Ein liten prins

I siste innlegg posta eg ein boks til ei prinsesse, no er det prinsen sin tur.

Som sist har eg kikka i bloggar til folk eg likar for å finne inspirasjon, og hos Kirsten Hyde finn ein alltid noko spennande. Eg fant ein karusell ho har posta for ca. 1,5 år sidan, eg leita eigentleg etter ein av bilane hennar :) 

Sidan karusellen hennar kunne gå rundt, måtte min også kunne det, så etter litt tankevirksomhet fekk eg det til, og var i grunn godt fornøgd med meg sjølv.

Sjølve boksen er laga på ein base av litt tynn papp, kledd med fine ark frå Joy Craft - Baby Paper Bloc. Eg hadde ikkje mal på hestar, så eg teikna ein modell basert på hestane på arket eg brukte. Blingen som er brukt er frå Edelwise.

Kortet som er laga til har stempel frå Kreative Hender, ein norsk produsent av digitale stempel - verkeleg verdt eit besøk. Fargelagt med Promarker.

Karusellen og Kortet finn du utstilt i den lokale Hobbybutikken - Bokuben









Klem Anita

søndag 14. august 2016

En Prinsesse.

Eg skulle lage nokre 3d modellar til baby jente og gut. Eg har tidlegare laga vogner, eksplosjonsøsjer osv. Så denne gangen ville eg gjerne prøve noko anna. Gutemodellen skal eg pressentere ein annan dag, for at det ikkje skal verte "1000" bilder i same innlegg.

Eg tok meg ein tur på bloggen til Susanne Halseth for å funne inspirasjon. Ho har mange fine modellar med gode beskrivelsar.  Krona hennar er ikkje heilt lik mi, men måten eg laga den er svært lik. Eg har også laga boksen under sjølv.

Arka er Bazzil frå panduro si blokk med pastellar, og pyntearka er alle frå Marianne design- Eline's Babies - Pink. Blomane er hovedsaklig frå WOC, Diser: Sepllbinders og Tim Holts thinlets. Inspirasjon til kortet har eg henta hos Yasmin.

Stempelet er frå Kreative Hender, fargelagt med Promarker.

Hos Papirlosjen går framleis sommarutfordringa: Alt er Lov. Så det er berre å henge seg på.

Modellane finn du utstilt hos Bokuben i Førde.











Klem Anita



torsdag 11. august 2016

Nikki Brunette.


Nikki Brunette stempelet heter Constance - mykje damestempel der, av unge vaksne, og skikkeleg stilege er dei også.

Arka eg har brukt er Bazzil og Studio Light sin Industrial.

Blondene er ikkje ny, og frå ulike kantar, så eg hugsar verken kva dei heiter eller kor dei kjem frå.





Klem Anita

onsdag 10. august 2016

Enda et bilde.

Dette bildet er laga "berre fordi" og no har mottaker fått det så eg kan vise det fram til resten av "verden"

Lerret er 30*70 slik som dei andre, og eg har gjordt meg nokre nye erfaringar når det gjeld produkt.
Først: trelim funkar, den held på plass alt eg har prøvd den på til no. Men, og her er et men, eg veit ikkje korleis den vil fungere på sikt. Den eg brukte tørka litt gul, noko som ikkje spelte noko rolle sidan eg skulle grunne alt før eg begynte å spraye/male, men eg ville ikkje brukt den på blomane osv. til slutt. Eg er ikkje redd for at ting skal løsne etc. for trelim blir brukt til å holde ting saman i hus :)

Dylusionspray kan endre karrakter på flaska etter eit par år. Eg har ein del sprayar som er 2-3 år gamle, og 2 av dei (midnight blu og orange) "tørkar ikkje". Dvs. eg får farge på fingrane etter at dei skal vere tørka. Eg løyste dette ved å inkapsle det med decopage lim, men irritasjonen var stor når eg holdt på.


Det var erfaringane, over til biletraset.  Denne gangen hadde eg motakar i tankane heile veien, og ville at resultatet skulle inneholde detaljar som gjennspegla hans interesser og yrkje. Bildet er difor maritimt, med ein del hint til yrkje og hobby skult i detaljar.


Denne bilen har eg gleda meg til å få bruke. (kinderegg)

Fisken er i lær, det er noko av det som blir igjen når dei skjer ut slirer på knivfabrikken.

For ein del år sidan var det poppulert med hengande blomsterpotter etter snører som var laga av skjell eller makrame. Eg har ei slik lenkje liggande, den passar perfekt på slike bilder.




Klem Anita