onsdag 29. juni 2016

Lerret nr. 2

Eg var så gira då eg var ferdig med det første lerretet at eg måtte prøve meg på eit til, med ein gang..

Kvite lerret har eg alltid tilgjengelig på hobbyrommet, for dette er slike barna har fått brukt å leike seg med / male.  Nokre av dei vert heilt ferdige, og de rører eg sjølvsagt ikkje. Men når unge kunstnarar slår seg laus, hender det at det vert liggande litt halvfabrikata rundt om.  Og andre gonger er det den største ungdomen som har måla eit ord på lerret, og no er lei det.


Eg har denne gangen brukt ein del veldig tjukk papp som kom med ein spegel, nokre misslykka forsøk på hekling ( eit halvt snøfnugg og ein 5 kant), ellers er det ødelagte smykker, blonder, perler, band og anna stasj frå øskjene mine. I tillegg så har eg litt pappfigurar eg har skore ut. 



Eit lite tips. Punch ut fleire stykker av same figur, og lim dei oppå kvarandre, restepapir er supert til slikt bruk.





Her er eg begynt å male det kvitt, og det tok lang tid :)

Baksida, rosa fargen kjem frå forje brukar av lerretet, Dette er eit billeg lerret som truleg er kjøpt på biltema. Størrelse er 40*40cm
Klem Anita

tirsdag 28. juni 2016

Juni kortkitt frå Scrapomania

I dag kom den, pakken eg har venta på, eg hadde fått sporings-nummeret så eg kunne hente den tideleg, og no er 2 av 3 kort ferdige. Det siste ligg ferdig skore på bordet mitt, men er ikkje pynta. Og det er litt ark og litt pynt igjen.

Kva pakke det var?  Det var Juni kortkittet frå Scrapomania, og denne gangen var det et "herre"- kitt. Pakken er ein del av sponsormidlane vi i Papirlosjen får, så innlegget i dag er for Papirlosjen.no og Scrapomania.no

Arka bestod hovedsakleg av Pion i serien Mister Toms's Treasures og litt Bazzill. Pynten var noke fra Tim Holts og nokre blomar frå Wild Orchid Craft, + ein bit bølgekartong/ark.


Eg har kikka litt på bloggen til Yasmin i dag. Og fant der ei oppskrift på eit kort eg berre måtte prøve. Det første kortet er laga etter hennar mal. Mal på kortet, og framgangsmåte finn du i hennar blogg. 

Den kvite blomen og kraftkartongen var ikkje med i kittet, resten fylgde med der. Teksten er skriven ut på pc.







Det siste kortet som er ferdig er etter standardmål 6*6  Her er det kun dei grøne blada og litt bling som ikkje var med i kittet.




Klem Anita



søndag 26. juni 2016

Mixed media

Når eg skulle skrive dette blogg inlegget så brukte eg lang tid på å finne eit godt og beskrivande norsk ord for mixed media, utan å lykkast og det irriterer meg, så om nokon kan et så legg gjerne igjen ein kommentar.

For sikkert 1 år sidan begynte eg å klargjere eit lerret, men så stod eg fast, skikkelig fast, for eg viste ikkje korleis eg ville at resultate skulle bli.

Men så dukka det opp ein masse bilder på på FB over lerret som folk hadde laga etter å ha vore på kurs med Kirsten Hyde.  No har ikkje eg vore på dette kurset, og har difor ingen oversikt om kva materialar ho har brukt, men måten materialene var forma til eit tre på, fanga mi interesse. Og det var med det bildet i hovudet eg begynte på mitt eige lerret.

Det første eg fant ut av når eg holdt på med dette, var den ubeskrivelege store mengda lim som går med, og eg testa difor ut ulike limar til ein litt billeg penge, for å sjå kva eg kunne bruke, slik at eg slapp å bruke mange hundre krone i lim pr. bilde.
Eg har prøvd ut den gamle skulelimen, den fungert, Modpodge fungerte, decopagelim fungerte. Har og testa vanleg trelim, den har fungert på ark osv. men har ikkje prøvd den ut på metall endå.
Når eg lagar kort etc, vil eg nokk forsatt holde meg til RX, Quic limen, Scott gel, og andre limar beregna på det eg held på med. Men til slike store prosjekt, der det ikkje betyr noke korleis limen tørkar, eller om papiret bulkar seg, vil eg anbefale å eksperimentere litt om ein vil holde kostnaden nede.

Når det gjeld kva eg har limt på lerretet mitt, så er svaret det meste.  Eg har brukt gamle filler, perlerender, hamphyssing, blomster eg "ikkje liker" osv. Eg har også brukt ein del papp.

Tidsbruk - Laaaang.


Då eg begynte på dette lerretet, hadde eg limt på boksider, og brukt modeling past, før eg stod fast.
Eg begynte med å lime på forma eg ville ha, her ved hjelp av hamp, blonder og gamle filler.

 Deretter fylde eg på med masse detaljar, nokre i papp, delar frå gamle lys mansjetter , blonder, perler, blomster og andre ting eg har i Harry Potter øsja mi (den er mi skattekiste)

Når eg trudde at no var det nokk, sette eg bilete til side til dagen etter for å vere sikker på at alt tørka godt. Heile bildet vart måla kvitt, og ny natt med tørking. Det vert mykje søl når ein held på med dette, så eg anbefaler ein gammal voksduk som underlag.

Så er det tid for å leike med spray.  Her lønar det seg å la det tørke godt mellom laga, men dette er truleg den kjekkaste prosessen. 

Her har eg hoppa over ein del steg. Eg brukte pensel og akrylmaling/spray/inkagold for å lage skyggar og lys i bildet.  Dette er ein tidkrevade prosess, og det er først no ein bestemmer korleis det ferdige bildet skal sjå ut. 

Til slutt limer eg på fokuspunkta, her i form av blomar, perler og ein stor sommerfugl. 


Ein binders frå GilIt

Blomster fra Wild Orchid Craft. Perler frå ein gammal bordpynt.

Sommerfuglen er laga med  Tim Holts- Layered Butterfly - den er limt saman av fleire lag for styrke.

Ferdig resultat.

Håper dette kan inspirerer andre til å prøve seg, det går an å begynne i ein litt mindre målestokk en dette, då dette bilde er ganske stort. 

Klem Anita





søndag 5. juni 2016

Maritimt

Inst i Førdefjorden er vi ikkje mykje maritime.  Vi har hatt skipsverft, og vi har småbåthavn.  Men vi er ikkje så gira på måleri av måkar og fyr. Måkane lagar for mykje støy og fyk i hauet på oss, så dei er vi for det meste særs irriterte på.

Likefullt var oppgåva mi å lage eit maritimt kort, og sidan nille har skjell i hyllene sine så løyste eg oppgåva på denne måten: 

Teksten er skriven ut frå pc. stempelet er teikna av Betty Robberts - Simply Betty stamp. Arka er Happy Love fra Fabscraps og bazzil. 

Og sponsoren vår Wychinanka har levert den nydelige svirlen bak blomane og skjella.

Parpirlosjen har Maritimt som utfordring på månadens utfordring, berre å hive seg med :)





Dr. digi

Eg berre diggar stempela til Dr. Digi.  Det er humor for alle penga, og det er motiv til godt vaksne folk.

Knappar, lydde oppgåva, og knappar skulle eg bruke. For eit par veker sidan var eg innom den lokale pandurobutikken og fant ei øskje med mange mange knappar, i pastellfargar, og i nydelege former, bla. hjerter, blomar, sommarfuglar og stjerner.   Her har eg brukt sternene til å lage flyt i kortet.

Kortet er laga på ein base  av kraftkartong, med Bazzil som mellomlag, og Kaiser Kraft - Time Machine. Teksten er henta frå banneren på arket eg har brukt.  Hjertedisen er Nellie Snellen, og bannerdisen nederst er Spelbinders.  Gratulerer er skrive ut på pc.  Stempelet er berre heilt fantastisk spør du meg, ho heiter "Phyllis the festive fairy"  Eg har fargelagt henne i fleire fargar, og gledar meg til å bruke henne meir.

Etter att eg hadde plasert ut knappane og litt glitter var eg i grunnen nøgdt med jobben.


Teksten på innsdia er også skriven ut på pc. 


Klem Anita