Viser innlegg med etiketten minialbum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten minialbum. Vis alle innlegg

søndag 20. november 2016

Jula har inntatt hobbyrommet

Jula kom til meg også, denne gong i form av ei ny panduro blokk.

Eg har laga ein pose, eit lite minialbumm og ein tag. Og kva eg vart mest fornøgd med?  Tagen. Motiva er Toppers frå Dixie Craft, og i kvar pakke kjem eit ark som viser kva som er inni. Tre av desse små firkantane kunne eg bruke som motiv, så dei er klypte ut og brukt på tagen.

God jul er skore ut med ein dise frå KaBoks. Trur eg måtte kjøpe tekst og skugge kvar for seg, så det vart litt dyrt, men den er veldig fin og mykje brukt. Stjernene er skore ut med ein Marianne Design dise som er del av et sett med embossingplate.
Den romantiske snøkrystallen på posen er frå Xcut.  Ellers så har eg brukt Tim Holts - Wildflowers og Hollyday greens.  Blomane er frå Papirdesign og Wild Orchid Craft.  Tekst er skrive ut på pc.


For dei som bur i Førde, så står dette i utstilling på Bokuben (Panduro) og ho har heilt sikkert fleire blokker igjen :)

Det kjem julekort også, sånn om litt... Trur eg :)




Klem Anita

torsdag 10. desember 2015

Konfirmasjonen som var.

Mi eldste prinsesse konfirmerte seg i vår, og som den gale "scrapper" eg er så måtte kortet verte noko utanom det vanlege.

Eg bestemte meg for å lage eit album, men i staden for bilder er det fylt med fine ord, og personlege helsingar frå meg og faren hennar.
Eg leita ei stund på nett før eg fant tutorals som forklarte korleis bygge opp den type album eg ville lage.
Eg har tidlegare laga eit album av posar, det fin du her, som eg tykte var veldig moro, ganske enkelt og blei veldig bra, om eg so får seie det sjølv. Korleis du kan lage noko som liknar finn du hos FollowThePaperTrail.
Her er utgangspunktet mitt denne gangen. Trippel flip mini
og når eg først postar linkar så anbefaler eg virkelig denne dama her:  Xannero, ho er norsk, og har kjempegode videoar (på engelsk).

Permane i albummet er laga i hard kartong. av den typen du finn bak på ulike tegneblokker etc. Sjølve albummet er laga i plakatkartong. Eg ville ikkje bruke bassil då eg tykjer den er for porøs, og rivnar lett ved bruk. Den plakaten eg brukte var "seig" slik at eg kunne brette den mange gonger utan å vere redd for slitasje eller anna.

I tilegg har eg brukt 2/3 av ei Graphic 45 blokk, ca. 10 brune Bassil ark, og 10 kvite frå skrappesyken. Til pynt er det deler frå blokka, noko Kort og Godt, og eit ark med reisemotiv, som eg desverre ikkje hugsar kor kjem frå.

Lukkinga er ei snor som er tvinna rundt ein splittbinders.

Og så til sjølve albumet, her kjem biletraset. Og som alltid, det er grueleg kjekt om du legg igjen spor etter deg før du går :)



Her er det først ein lomme ho kan legge inn bilder frå konfirmasjonen i. 







Klem Anita





onsdag 18. mars 2015

Jubeleumsoppgave 2

Eg begynne litt i feil ende. men no har eg hoppa tilbake til oppgåve 2 - Minialbum. 

Det vart ikkje stort, men eg vart faktisk ganske fornøgd likevel.  Mange tags til å lime små bilder, skrive tekstar på, og nokre store tags til større bileter.   Eit par små "kloke ord" gjøymt her og der. 

Arka er gamle, ei av dei fyste bunkane med ark eg kjøpte, ca. 15*20 cm. 

Stempelet derimot er nytt - kjem fra Pinkydolls og heter Small princess. 

Legger albumet inn i Et trykks jubeleumsutfordring 2 - minialbum




Klem Anita

fredag 13. mars 2015

Meanderbok

Meanderbok -  det første eg gjorde då eg såg det navnet, var å google det, for ikkje viste eg kva dette var for noke.  Videoen eg fann viste ei utrulge kul bok som ser mykje vanskelegare ut å lage en den er.
Videoen fant eg her!

Mi vakre prinsesse fyller år om ei veke. og Simply Betty hadde ein freebee på FB sida deira som ein fekk mot å levere eit bidrag i løpet av 2-3 dagar. Så då var egentleg resten enkelt. 

Eg bretta boka, skar pynteark som vart monterte etter kvart. Eg laga også små taggar som eg har limt på ulike tekstar, nokre stempel, resten personlege helsingar til henne. 

Så pynta eg inni med fleire stempeltrykk og blomar, men eg fant fort ut at boka vart veldig tjukk veldig fort, så den måtte vere sparsomt med pynt på innsida. 

Eg kjem nokk til å legge inn små personlege ord og tekstar til jenta etter kvart, men desse har eg ikkje lyst å vise på bloggen, så dei ventar eg med..

Denne er med i Eit trykk oppgave 17















Dette er nokre av taggane som er stukke inn i kortet. 
Klem Anita

fredag 28. juni 2013

Til Ein fantastisk Lærar


No skal eg ikkje klage på nokon av dei lærarane som borna min har hatt, eg tykjer Førde Barneskule er ein framifrå skule, med mange kjempeflinke lærarar.  I år skulle min snart 11 åring seie takk til læraren som har hatt han i 5 år. Og ho er noko heilt spesielt, og eg fekk lov å lage takkealbum får elevane. 

Elevane skreiv alle kvar si helsing til læraren sin, alt frå eigenprodusert poesi, til korte takkeord. Og alle bileta er av dei, så eg fekk god hjelp med å lage den. 

Det mangla eit bilte når eg fotograferte albumet, men det er no på plass. 

Korleis eg skulle lage denne fant eg her: Lori- (You Tube)
















Klem Anita