Viser innlegg med etiketten venn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten venn. Vis alle innlegg

tirsdag 21. januar 2014

Å følge ein mal

I Ett Trykk nr. 5/2013 hadde Marianne Skjelstad ein mal på eit kort, eg berre måtte prøve.

Marianne er veldig flink til å lage malar, så sjølve kortet var veldig greit å lage. Når det gjaldt pyntinga... Der tok eg det heilt ut. Eg hadde det kjempemoro.

Stempel  Wee -Winter Fairy, farga med Promarker. 
Diser:  labels 8
Tekststempelet Orginal husker jeg ikke hvilke produsent, men jeg kjøpte det hos Papirplaneten. 

Ark kommer fra restekassa, blomster fra Papirplaneten og woc. Sommerfugler er et utklipsark fra restekassa, trolig kort og godt. 








Klem Anita

søndag 19. januar 2014

Til ein Ven


Eg kjøpte meg Magnolia blad til jul, og eit av dei 2 siste var der ein nydeleg gavepose.  Sidan det alltid er forskjell på oss, vart ikkje min lik,  men den var kjempemoro å lage.

Når eg lager slike posar, så måler eg ut kor stort eg må skjere arka sjølv. og så trekker eg i frå ca. 1 cm på dei arka som skal vere innanfor.  Denne posen var så stor at eg enten måtte bruke 2 pynteark, ev. finne på noko lurt.. Eg velde det siste. På framsida rekk ikkje arket heilt ut til kanten, eg har difor ein puncha kant og ei blonde der. Eg valde å gjere det på framsida, i staden for baksida, då eg ynskte å ha den "reinare"

Når det gjeld bruk av diesar så har eg teke heilt av her. Her finn du Magnolia, Tim Holts og Spelbinders.

Bak Tilda finn du: Spelbinders - Floral ovals - ein av dei eg brukar aller mest til bakgrunn.
Blomstrane er bygde opp av Magnolia - Doily Flowers  - desse er også kjempefine som "blad" bak andre blomstrar.
På baksida finn du:  Lace hearts - ein av mine nye favoritta,
Tips: viss du ikkje får arka ut av diesar, så legg frysefolie mellom arket og diesen. Slik at det blå påfrysefolien vender ned mot arket og det blanke opp mot diesen. Frysefolie kjøper du i dagligvarebutikk. 

Tilda er Midwinter Tilda på framsida, og Tilda åpnar pakker på baksida, begge farga med Promarker. 








Klem Anita