Viser innlegg med etiketten Bokuben. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokuben. Vis alle innlegg

søndag 23. september 2018

For Bokuben


I 3. utgave av Ett trykk 2018, fant eg fleire steg for steg forklaringar på ulike kort.

Eg har no prøvd meg på alle tre. Den eine har eg laga før, men synes den framleis er nydelig


Stemplet er frå Kort og Godt, ei av dei nye juleplatene. Eg må sei eg digga geviret til hjorten.

Motivet er først stempla med brun stempelpute, embossa og fargelagt med ei anna stempelpute.
Eg skal prøve å lage ein kort video på korleis eg gjer det.
Blomane er laga med ein dise frå Lene, men det finst ganske mange ulike merker som fungerer likt.
Pynte perler frå Kort og Godt. Ringane bak motivet har fått ei runde med Gliding Polish. (du finn video der eg demonstrere den her. 

Alle produkta eg har brukt på korta finn du hos Bokuben. På tagen er det litt meir ymse :)







Dette kortet har eg aldri laga før. Men denne oppskrifta var morsom.  Eg har fleire idear til korleis eg vil leike med den i framtida.
Dei kvite blomane nede er også heimelaga med diesen du ser på bilete. Dei røde blomane har Inger Anne laga.
Mål og framgangsmåte finn du i Ett trykk som du ser øverst her.




Det siste eg vil vise fra mer ein Tag eg har vist fram før, men også den finn du steg for steg framgangsmåte i bladet. 
Og skal eg være erleg, så var fargane ho i bladet brukte mykje finare en mine. Så neste gang skal eg gå for skarpare fargar :)

Då eg laga denne tagen sat eg og Marit Sæterdal på kvar side av bordet og sendte bladet fram og tilbake mellom oss.  Vi brukte same fargar, og same diesar, men litt ulike blomar og figurar. 
Like men ulike :)





Du finn korta og min tag utstilt hos Bokuben. 
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt, enten her eller på FB
Klem Anita





søndag 19. november 2017

Frå bokuben si utstilling

Det er på høg tid eg viser fram litt av det eg har laga til Bokuben i haust. Stempel som er brukt er frå Kort og Godt, og Papirdesign. Du finn dei veggen på butikken.

Ein av mine favorittar i år eg banneren "Gledeleg Jul", den blir så fin ut klypt.









Dette juletreet er eit av stempela på Papirdesign si stempel plate, det var veldig kjekt å dekorere på ulike måtar. Eg har brukt glitterlim og bling. 






Denne boksen var veldig moro å lage, figurnae som er brukt er Panduro figurar, som eg trur er beregna til å lage julepynt/kransar med. Eg har brukt mykje glitter og lim. Ein del hemelagar blomar, og polergarn som eg har farga sjølv. (Polergarn, er tråd som ein bonar bil med, du får store posar bla. på biltema)





Og så var det denne, som Monica har lert "heile Norge" å lage i år. motiva eg har brukt her er eit stempel + dise sett, der eg først har stempla og fargelag, for så å bruke dise å stanse dei ut med. Digger dei. God Jul er Papirdesing.

Klem Anita

torsdag 22. juni 2017

Kaiserkraft dies og stempel

I går la Inger Anne på Bokuben ut bilder av nye varer som var komt fra Kaiser Kraft. Ei av platene med stempel og dies, hadde eg bedt henne å ta inn, og eg tok med meg ei til når eg først var der.

Eg må berre seie det, eg digger disse setta. Eg prøvde meg litt fram med trykk på litt rolige mønsterark, og endte opp med trykk i svart og grønt. Det var kjempe enkelt å få dei fine.

Så det blei 4 kort til sammen i dag.

Her er setta eg kjøpte meg...


Første kort. Her har eg brukt 3 av stempela på plata til høgre. Noke på innsida, og noke på utsida.  


Dette kortet er ikkje 6*6 og då får eg ikkje nokk dekor ark til å dekke alle sidene. Denne rosa limte eg på baksida.  Eg vaska stempelet med stempelrens etterpå, og då fekk eg eit mykje betre trykk. Så det har eg no gjordt med alle. 


Kort nr 2. Her er det kun dei to små svart blomane invendig som kjem frå stempelplatene. Desse var det ikkje dies med til disverre, så dei måtte eg klippe ut for hand.  



Kort nr.3  Her har eg stempla opp sommerfuglane i gult, og sverta dei med litt grønt i midten. Eg likte veldig godt effekten av det, litt meir usikker på fargevalet, men skal prøve meg litt fram.  Motivet på framsida er eget foto.




 Vifta på høgre brett er her stempla opp 3 ganger med svart, sverta med brundt på kantane, og krølla litt. Eg var ikkje heilt fornøgd med blomsteroppsatsen, så eg tok fram litt kvit akrylmaling og mala over blomar og pynt, då vart det mykje betre.


Bur du i Førde, eller omegn, og lager kort, anbefaler eg å ta turen innom Bokuben for å sjå alt det flotte som er kome inn.

Klem Anita

lørdag 21. januar 2017

Art journal

På dette området er eg forsatt nybegynnar, men det betyr ikkje at det ikkje er veldig, veldig moro.

For et par år sidan fekk eg Panduro-kitt hos Bokuben (Panduro i Førde), for å lage demonstrasjon av dette. Eg kosa meg masse, laga nokre sider og leverte journalen i frå meg.  Etter eit år eller so, fekk eg den tilbake, og den har samla støv sidan.
For et par veker sidan oppdaga eg denne dama: Maremi Smalart, og vart sittande å sjå timesvis med videoar med henne. Ho har nokre veldig flotte videoar om korleis starte med ei blank side, og korleis bruke det du har heime, så du slepp kjøpe alt nytt når du skal leike med fargar.

Eg har brukt mykje fargestiftar her (cryons). Desse har ein mjuk konsistens, (aom litt tørr leppestift,) dei kan gniast utover med fingrane, målast utover med ein pensel med vatten etc. Dei er rett og slett veldig tilfredstillande å arbeide med.

Mesteparten av materialane eg har brukt, får du hos Bokuben / Panduro i Førde.


På den første sida har eg først limt på mange småbitar med restepapir, og gitt det en runde med gesso. Fargane eg har brukt er fargestifter frå Panduro,  Silky Twisters. Utseendemessig er dette eit produkt retta mot barn, men egenskapane er dei samme som langt dyrarer merker, og eit utmerka utgangspunkt, om du vil teste ut dette.   Motivet nederst og tekstane kjem frå eit fint Paris sett frå Quakasu, det kan kjøpast og lastast ned der.

På side to har eg limt inn kvite ark først, og brukt inka gold og Mica powder for å lage farge. Sidene er derreter sverta langs kanten med Distress vintage phot /tea dye. Hjerta er ein dise fra Kort og Godt. Dei røde er utskorne, dei i kopar er mala gjennom "stensilen" eg fekk når eg skar ut dei råde. Nettingen er frå biltema/chals Olson, den er beregna til å bruke over skøyter når du sparkler vegger. 

På side tre har eg også begynt med papirlappar i ulike storleikar, og gesso. Eg vart ikkje fornøgd med fyrste forsøk, så heile sida fekk eit nytt strøk gesso, også over nokre sommerfuglar eg hadde limt på.  Deretter gjekk eg laus med røde/ornage farger og prøvde få fram igjen dei detaljane eg hadde malt over. Her er også brukt fargestifter, men denne gongen Art Cryons frå Marabu 

Håper dette gir deg lyst å leike med fargestiftar igjen.  Du treng ikkje ei fansy bok, du kan bruke ark, ei bok du hadde tenkt å kaste etc. Er det tynne sider i boka, så lim sammen 2-3 sider frø du beggyner, på den måten kan du bruke "gamle" bøker du egentlig var tenkt å kaste. 

Klem Anita