søndag 23. august 2015

Papernest Dolls

Endå eit Barnemix.no prosjekt eg vil vise fram


Her har eg fått (bad om) 2 ulike stempel til å lage kort av.  2 veldig ulike kort, med 2 veldig ulike stempel. Stempela er frå Papernest Dolls

Det første er eit nydeleg brudepar. Kjolen har nokre lyse grå nynasar, som forsvant då blidet blei tatt. Tim Holts si klokke er ein av mine favorittar når eg skal lage bakgrunn, den gjer pyntinga så utruleg enkel.  
Den største blomen er heimelaga. Har brukt dei to største, av 3 punchar i eit sett frå panduro. Eg har lagt ein rundell (noke dei brukar når dei lager smykke trur eg) og ei halvperle oppi. Eg har også pynta med litt "diamantar" både på streng og som enkle putta ned i mellom. Dei enkle er egentleg bord dekorasjonar, men eg tykjer dei passar perfekt til dette. 

Det andre "kortet" er ein lollipopp, og den vart eg veldig fornøgd med, spesielt i forhold til perler og blomster og plasering av desse. 

Ynskjer deg ein kreativ dag vidare. 






 Klem Anita

lørdag 22. august 2015

Scrappers Delights

Eg er så priviligert å få vere DT hos Barnemix.no  
Det beste med å vere DT der, er at eg får så utruleg mange fine stempel å leike med, som dette fra Scrappers Delights.   

Lenge sidan eg har brukt denne teknikken på eit kort, men sidan den opprinnelige ideen min ikkje vart noke av, (fear i treet, med epler) så prøvde eg meg på ein annan variant. Og vart no i grunnen ganske nøgd med resultatet. 


Tema er frukt og/eller bær. Eg har klaser med druer, dei kjem frå barna mine sine perler, har klippa av det auget du trer tråen gjennom.  Bæra i blomstrane på bakken kjem frå ein gammal lys-mansjett eg tigga til meg frå mor mi, med dette kortet i tankane. Den vart akkruat så fin som eg rekna med den skulle verte.  Treet er Marianne design. Servietten under blomane er Spelbinders og blomane er for det meste fra WOC.  Dei små på treet er puncha ut.  Det grøne arket kjem frå ei blokk eg har kjøpt på panduro, som eg meiner er gått ut av sortementet deira. (den er a4), Bassil og ein liten rest til tag bakk den nydelege fe-jenta. 

Skrivefeltet finn du under trekanten. 
Viss eg no har inspirert andre til å prøve å lage denne typen kort så tykjer eg det er storveges. 

Eit lite tips på vegen, når du skal dele arket i trekantar, så må dei vere endå ein 1/4 dels tomme mindre før du deler dei, en det du bruker til vanleg. 







Klem Anita

tirsdag 11. august 2015

Enda et bryllupskort.

Har henta fram papirposane igjen, er så kjekt å lage desse korta då det er god plass til pynt. 




Klem Anita

mandag 10. august 2015

Var det noen som var lei av lollipopp?

Ikkje eg i alle fall, for dei er så utruleg morsomme å lage. Vel bekomme :)






Klem Anita

søndag 9. august 2015

Baby sko for jente


Å lage desse skoa har eg lenge tenkt på, og nå har jeg endelig testet det ut.  
Veit at det er mange som bruker desse til bordkort, noke eg tykjer er veldig flott. Men eg har ikkje bruk for bordkort og har pynta dei slik at dei kan brukast som dekor. 

Eg har nokre planar om kva eg har lyst å bruke slike sko til så det kjem på bloggen når eg får testa det ut. 








Klem Anita