søndag 30. desember 2018

å utfordre seg sjølv

Det er alltid kjekt å utfordre seg sjølv. Men nokon gonger er det vanskelg, og då er det godt vi har så mange konkurranser /utfordringar på nett, som får oss i gang.

Ein veldig enkel ein er PL norge sin desemberutfordring. Du skal lage eit tittelkort eller ei pl side med tema vinter/jul.

Enkel fordi du har standard mål du må holde deg innanfor, men vanskeleg nokk likevel. Men eg fekk testa ut nokre produkt og teknikkar eg har tenkt på ei stund, og med utganspunkt i eit kvitt tegneark vart eg godt nøgd med resultatet.

Jula er for meg mange ting. men ein av dei er også stress/jobb. Så når 1. juledag lir mott hell, så senker eg skuldrane, og lar kroppen få kvile. Dei første romjulsdagane er dei aller finaste, for då kan ein berre nyte og kvile resten av tida.  På kvelden gjekk vi ein tur, og i ein særdles fotointerresert familie, så har bestefar med apparat, og 12 åringen låner det flittig undervegs.

Ho tok ein del virkelig flotte bybilder, og desse vil eg lage ei PL side av.

Her er tittelkortet: Heng deg på og bli med du også: PL Norge.


Dette er årets siste bloggpost. Eg ser at bloggen min lider av min auka FB posting. Men det er kansje slik det må vere. Insta slit eg forsatt med, for er så styrete å få bilda over på mobilen før eg legg dei ut. Men kansje ein dag.

Godt nytt år, måtte det bli kreativt for alle.

Klem Anita

onsdag 28. november 2018

Enda meir jul, trur eg.

Eg fekk ei lita blokk oppi nevane, med spørsmål om eg kunne lage nokre kort ut i frå den.

Klart eg kan.  Det var mange fine motiv, så problemet var helst kva eg skulle velge først.
Det første eg laga er kort nr. 2 her for det motivet med sauer, det kunne eg ikkje bla forbi. Difor er det også litt diskret pynta, for ikkje øvedøyve motivet.
Blomane er frå I am roses, og farga med glimmermist. (dei var kvite)

Tagen derimot, der har eg virekelig kosa meg. Den er full av små og store element frå blokka, så det gøymer seg under, og ogver andre ting.








Klem Anita


mandag 26. november 2018

Julekort

Eg har laga nokre julekort til utstilling på Bokuben.
Dei to øverste er med Papirdesign sine juleark, og laga etter mal i frå Ett Trykk (nr 3 i år)

Dei nederste er med Maya Design sine ark. Eksa har eg laga mal til sjølv. Kortet fekk eg mål til av noken på treff. Eg har endra frå cm til tommar, då eg synes det er lettast.







Dei aller flerste av blomane er også her heimelaga.

Klem Anita

søndag 25. november 2018

Baby blue

Det vert mykje dåpskort produsert, for det er desidert det eg sel mest av. 
Og korta eg viser i dag er akkurat det. Blå dåpskort.

Eg har prøvd meg på andre fargar, men dei sel ikkje så godt, så eg trur vi er ganske konservative når vi skal gje dåpskort til vener. 

Den første guten er Mo Manning, den andre er The Paper Shelter. Begge er farga med tusj, scanna inn og skrive ut på fotopapir. 

Utanom dei kvite småblomane, er alle blomane heimelaga.

Sidan arket har teksten barnedåp, på det første kortet. Har eg her veld å bruke gratulerer dies over blomane i staden for dåpsbarnet. 








Den blå perla er farga med copic, då eg ikkje hadd enokon god blå å bruke. 





Ok eg laga litt andre også, eit meir dempa kort, med stempel får Kreative hender digis. 
Her er to kvite blomar spraya med glimmer mist. 


Klem Anita


lørdag 13. oktober 2018

LO

I forbindelse med treffet i Førde, hadde vi oppgåve med å lage LO (Lay Out) - for dei som ikkje veit kva dette er så er det eit heilt ark 30*30 som ein pyntar, som regel med foto som motiv.

 Eg har laga slike av barna tidlegare, så denne gangen har eg brukt et bilde av meg sjølv, og tekstar frå Huldra Designstudio.
Tekstane er ein påminnelse til meg sjøv om at det er lov å vere litt annerledes. Og ingen skal fortelle meg at eg ikkje kan/får til. :)

Alle blomane har eg laga sjølv.




Smil - eg berre "måtte" ha med det.


Om du vil sjå andre ting som er laga med desse flotte stempela. så ta ein tur inn i Bloggen til Huldra Designstudio.

søndag 23. september 2018

For Bokuben


I 3. utgave av Ett trykk 2018, fant eg fleire steg for steg forklaringar på ulike kort.

Eg har no prøvd meg på alle tre. Den eine har eg laga før, men synes den framleis er nydelig


Stemplet er frå Kort og Godt, ei av dei nye juleplatene. Eg må sei eg digga geviret til hjorten.

Motivet er først stempla med brun stempelpute, embossa og fargelagt med ei anna stempelpute.
Eg skal prøve å lage ein kort video på korleis eg gjer det.
Blomane er laga med ein dise frå Lene, men det finst ganske mange ulike merker som fungerer likt.
Pynte perler frå Kort og Godt. Ringane bak motivet har fått ei runde med Gliding Polish. (du finn video der eg demonstrere den her

Alle produkta eg har brukt på korta finn du hos Bokuben. På tagen er det litt meir ymse :)







Dette kortet har eg aldri laga før. Men denne oppskrifta var morsom.  Eg har fleire idear til korleis eg vil leike med den i framtida.
Dei kvite blomane nede er også heimelaga med diesen du ser på bilete. Dei røde blomane har Inger Anne laga.
Mål og framgangsmåte finn du i Ett trykk som du ser øverst her.




Det siste eg vil vise fra mer ein Tag eg har vist fram før, men også den finn du steg for steg framgangsmåte i bladet. 
Og skal eg være erleg, så var fargane ho i bladet brukte mykje finare en mine. Så neste gang skal eg gå for skarpare fargar :)

Då eg laga denne tagen sat eg og Marit Sæterdal på kvar side av bordet og sendte bladet fram og tilbake mellom oss.  Vi brukte same fargar, og same diesar, men litt ulike blomar og figurar. 
Like men ulike :)





Du finn korta og min tag utstilt hos Bokuben. 
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt, enten her eller på FB
Klem Anita





fredag 31. august 2018

Monstermoro

Eg er så heldig å få lov å være Gjeste designer hos Huldra designstudio.
Og eg har hatt nokre søte monster på bordet mitt nokre dagar.


Denne Tag'en er laga med Distres oxide, akvarellmaling og embossingpulver.

Eg begynte med å stemple monstera og embosse dei, så farga eg taggen med Distres oxide.

Eg tok fram akvarellmaling og måla monstera slik at dei skulle passe i farge til tagen.
Etter skyggelegging og litt pirking, klarembossa eg alle små monster 2 ganger, for å få dei til å "poppe" litt ut av arket.

Til slutt vart baksida limt på, og kanten sverta lett med den blå stempelputa eg har brukt.

Du finn stempelplatene hos Hobbykunst. HER





Baksida kjem frå ei anna plate, som inneheld nokre søte aper, og knalltøffe tekstar.

Her stempla eg og embossa først, og så måla eg med akvarellfargar til slutt.


Klem Anita


torsdag 30. august 2018

Sølv

Hverdagsnett har ute en ny artikkel med fine kort i tema sølv.

Erfaringsmessig så er det fryktelig vanskeleg å ta gode bilde av ting som glinsar/glitrar, så eg valgte å halde detaljane i sølv denne gangen.

Eg har også funne meg eit par som kan brukas til sølv- gull bryllaup, om ein har ein dash humor.
Paret er farga med Copic, men teksten på sjortene, knappane og detaljen på skona hans er med en Glitter Roll pen.

Motorsykkelen i bakgrunne er skoren ut i rødt papir, og så fått litt perleskimmer på seg, men eg var nøyen med å ikkje bruke for mykje, for dette paret fortener all fokus, eg digger dei!

Paret kjem frå Doctor Digi Hous of Stams.





Klem Anita

søndag 5. august 2018

Demovideo

Eg har laga video der eg viser fram 2 ulike produkt for å "pimpe opp" eit prosjekt.




Video






Klem Anita

Bryllaup med blomar og bling

Eg lagar kort for salg, og det er 3 typar kort det går desidert mest av. Bryllaup, konfirmasjon og barnedåp.

Når det kjem til kort til dei store dagane, spesielt til dåp og bryllaup, er vi veldig tradisjonelle. Dåpskorta skal vere rosa eller lyseblå. Bryllaupskorta har litt fleire fargar å velge i, men det går mykje i pastell :)

Desse korta er difor holdt i rolege, romantiske fargar, neste chabby chic.


Det fyrste kortet er eit standard 6*6 kort med stempel frå Mo Manning og heiter Bride and Groome (dancing)

Samme storleik, men her har eg bretta framsida på skrå.
Eg var spesielt fornøgd med korleis eg dekorerte innsida/platforma det står på.

Når eg lagar kort med denne brettinga har eg fokus på at det skal sjå bra ut når det ligg i posen også.




Klem Anita

lørdag 4. august 2018

10 kort

10 kort, alle er 10*10 cm. og alle er laga med bruk av eit mønsterark og stempel.
Resten er valgfritt.

Eg har teke nærbilde av alle korta, så dette er eit inlegg med eit seriøst ras av bilete.
Sidan det er så mange bilete, så lar eg dei vere små. Du kan klikk på bilda og bla i dei, for å sjå dei større.


 Insidene er veldig enkelt pynta.











Klem Anita