onsdag 28. november 2018

Enda meir jul, trur eg.

Eg fekk ei lita blokk oppi nevane, med spørsmål om eg kunne lage nokre kort ut i frå den.

Klart eg kan.  Det var mange fine motiv, så problemet var helst kva eg skulle velge først.
Det første eg laga er kort nr. 2 her for det motivet med sauer, det kunne eg ikkje bla forbi. Difor er det også litt diskret pynta, for ikkje øvedøyve motivet.
Blomane er frå I am roses, og farga med glimmermist. (dei var kvite)

Tagen derimot, der har eg virekelig kosa meg. Den er full av små og store element frå blokka, så det gøymer seg under, og ogver andre ting.








Klem Anita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar