Viser innlegg med etiketten Kort og Godt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kort og Godt. Vis alle innlegg

søndag 23. september 2018

For Bokuben


I 3. utgave av Ett trykk 2018, fant eg fleire steg for steg forklaringar på ulike kort.

Eg har no prøvd meg på alle tre. Den eine har eg laga før, men synes den framleis er nydelig


Stemplet er frå Kort og Godt, ei av dei nye juleplatene. Eg må sei eg digga geviret til hjorten.

Motivet er først stempla med brun stempelpute, embossa og fargelagt med ei anna stempelpute.
Eg skal prøve å lage ein kort video på korleis eg gjer det.
Blomane er laga med ein dise frå Lene, men det finst ganske mange ulike merker som fungerer likt.
Pynte perler frå Kort og Godt. Ringane bak motivet har fått ei runde med Gliding Polish. (du finn video der eg demonstrere den her. 

Alle produkta eg har brukt på korta finn du hos Bokuben. På tagen er det litt meir ymse :)







Dette kortet har eg aldri laga før. Men denne oppskrifta var morsom.  Eg har fleire idear til korleis eg vil leike med den i framtida.
Dei kvite blomane nede er også heimelaga med diesen du ser på bilete. Dei røde blomane har Inger Anne laga.
Mål og framgangsmåte finn du i Ett trykk som du ser øverst her.




Det siste eg vil vise fra mer ein Tag eg har vist fram før, men også den finn du steg for steg framgangsmåte i bladet. 
Og skal eg være erleg, så var fargane ho i bladet brukte mykje finare en mine. Så neste gang skal eg gå for skarpare fargar :)

Då eg laga denne tagen sat eg og Marit Sæterdal på kvar side av bordet og sendte bladet fram og tilbake mellom oss.  Vi brukte same fargar, og same diesar, men litt ulike blomar og figurar. 
Like men ulike :)





Du finn korta og min tag utstilt hos Bokuben. 
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt, enten her eller på FB
Klem Anita





mandag 2. juli 2018

Jul i Juli

Eg fekk ei utfordring i posten, Julestempel fra kort og godt.
Stempelet kom frå Scrapomania, og du finn det HER.

Eg har virkelig kosa meg med denne utfordringa, og laga ein pose, gavepapir og merkelapper.

Posen er laga med inspirasjon frå videoen til Anna Dabrowska

Gavepapiret er einsfarga kraft og rødt, tanken er å få gaver som naturleg høyrer saman, utan å vere heilt like. Eg stempla gavepapiret før eg pakka inn gåvene, og laga to tags som passa til.


Her er stempelplata som var utgangspunktet mitt.


Eg har montert 2 stempel på ein stor klosse, og så snur eg han rundt seg sjølv for at teksten ikkje skal komme same veg.
 På tagane gjorde eg det same som på innpakkingspapiret. I tilegg har eg pynta med blader (Magnolia dies) og blomar (Tim Holts dies)

 Og slik blei resultatet, like men ulike.
 Posen er laga på samme måte som vist i videoen, ved å stemple og male først, for så å pynte. Eg har også funne fram nokre gamle knappar til pynt.

 Diggar måten tekstn blir vist på, når eg stemplar på kvitr maling.

Eg har også fått brukt nokre av dei "bilda" som eg aldri heilt veit kva eg skal bruke til.

Klem Anita

lørdag 5. mai 2018

En prinsesse

Nokre ganger får eg eit infall "eg berre må prøve", no er det slett ikkje alltid at ting blir slik eg har tenkt, for nokre gonger stemmer ikkje kart og terreng. 

Dette var er ein slik gong. Eg var tenkt å lage ei krone, av to kroner. Det vil sei, eg var tenkt å bruke ein dise fra Kort og Godt som du kan ta ut ei lita krone med, og lime to i saman. Det funka dårleg, så då måtte eg finne ein annan måte å bruke dei på. 

Kort og Godt er sponsor for Papirlosjen denne månaden, og vi i designtimet fekk litt mosegummi og anna pynt å leike med. 

Når eg skar ut kruna, såg eg at det som låg att var veldig tøft, då eg begynte med å måle ein boks, og lime det øverst. Denne mosegummien har lim på baksida, så det fungerte heilt supert. 

Krona sette eg fast oppe på lokket, og så begynte eg å lime bling, mykje bling på boksen. All pynt utanom bling er frå Kort og Godt. Og når eg i fekk gokjent boksen hos mi eiga prinsesse på 12 år, viste eg at dette vart bra. 

Fekk litt følelser av at hattemakerene frå Alice in Wonderland hadde eit ord med i laget, når det gjaldt pynting av lokket. Men eg vart veldig fornøgd med den "rottete" pynten. Syntes den passa heilt perfekt. 



Eg ser eg har teke bilde frå sida med den eine skøyten, men det gjer ikkje noko. Skøyten er heilt ok den. :) 
Klem Anita

søndag 23. juli 2017

Like men Ulike

Eg har vore så heldig å bli spurt om å lage nokre bryllaups kort i sommar, og eit av dei var til 2 menn. 

Diesen som er brukt bak, er lik og blomstrane er heimelaga, så mykje er likt, men resultatet vert veldig ulikt.

Mennene er laga med ein dies frå Dixi craft, eg har skore den ut fleire ganger, slik at kvar mann fekk 2 skuggar og litt dimensjon. Dei har også fått eit lag med glossy accent over seg for å stå litt ut frå resten.


Det andre brudeparet er eit stempel frå Kort og Godt, farga med Promarker.

Og kvifor viser eg dette i dag? Jo for å minne om at Papirlosjen har ei utfordring gåande, der alt er lov. 




Klem Anita

torsdag 15. juni 2017

Audhild har ei ny utfordingsgruppe på FB

Og eg hadde eit kort som passa.
Linken finn du her Kreative Stunder

Du treng ikkje ha blogg for å delta, for du legg bilde rett i mappa. Oppgåva er at det skal vere eit bryllaupskort, og at det skal vere blått til stades :)

Kortet er laga på bestilling, men eg har ikkje kunne vise det fram, før eg var heilt sikker på at mottakar har mottatt det.









Klem Anita


mandag 27. februar 2017

Ei lita helsing

Eg hadde seriøse planer om å holde bloggen like aktiv i år, som i fjor, minst. Men i februar har eg produsert ein god del, og blogga minimalt. Nokre av tinga eg har laga, skal givast i bursdagar og konfirmasjonar i vår, så dei må uansett vente, medan andre ting kan trygt visast.

Slik som dette lisje kortet. Eg skulle sende ei lita helsing i januar, og hadde ynskje om at den skulle falle i smak hos mottakar.
Det er litt skummelt å lage kort når eg veit kven som skal få det, men samtidig så blir det heilt annerleis en det eg lagar til vanleg. Eg har fokus på kva eg trur mottakar vil sette pris på, og ikkje på kva eg sjølv likar.

Men eg likar veldig godt desse fargane, og vart godt fornøgd med kortet mitt til slutt.
Arket stammer frå Paper House, og ligger i en pakke som heter Color Ways. Blomsten er Prima. Eg har stansa ut hjerter med Kort og godt sin die116 hjerter, og her har eg brukt det som vart igjen når hjerta er plukka ut.



Eg må seie eg flira litt då eg fant dette bildet bakpå pakken med blomster. Litt høg aldersgrense på desse blomstrane. Men då får eg kanskje ha dei i fred :) 

Klem Anita


torsdag 5. januar 2017

Stensil

Bruk stensil, heiter det i Papirlosjen sin utfordring no i Januar.  Sponsor er Kort og Godt og Wycinanka.

Eg skulle bruke stensil, og eg hadde tenkt å bruke Relieff paste for å få fram nokre skikkeleg tjukke hjerter. Vel tålmodighet har vel aldri vore min største styrke, så eg gav meg på det. Tørketida vart rett og slett for lang til meg.

Så eg bruke crakle paint, som ikke craklet.  Eg la eit lag til på, og strødde glitter i, då vart eg ganske fornøgd.

Stensilen har eg laga sjølv, ved hjelp av ein nydeleg dise frå Kort og Godt. Eg skar den ut ein gang til, og limte den på puter over malinga eg brukte, eg syns effekten vart ganske stilig.

Ark: bazzil, Kort og Godt
Blomster: WOC, diverse.
Annen pynt: Wycinanka, osteduk, gardin.
Diser: Kort og Godt hjerter og Lykkelig (har kuttet av siste bokstavene)
Eg har også brukt Distress Stain frayed burlap og tea dye, for å fargelegge lykke, noen hjerter og chipboard.

Til slutt la eg nokre tynne striper med glitter på puta/dyna rundt babyen.





Klem Anita