lørdag 5. mai 2018

En prinsesse

Nokre ganger får eg eit infall "eg berre må prøve", no er det slett ikkje alltid at ting blir slik eg har tenkt, for nokre gonger stemmer ikkje kart og terreng. 

Dette var er ein slik gong. Eg var tenkt å lage ei krone, av to kroner. Det vil sei, eg var tenkt å bruke ein dise fra Kort og Godt som du kan ta ut ei lita krone med, og lime to i saman. Det funka dårleg, så då måtte eg finne ein annan måte å bruke dei på. 

Kort og Godt er sponsor for Papirlosjen denne månaden, og vi i designtimet fekk litt mosegummi og anna pynt å leike med. 

Når eg skar ut kruna, såg eg at det som låg att var veldig tøft, då eg begynte med å måle ein boks, og lime det øverst. Denne mosegummien har lim på baksida, så det fungerte heilt supert. 

Krona sette eg fast oppe på lokket, og så begynte eg å lime bling, mykje bling på boksen. All pynt utanom bling er frå Kort og Godt. Og når eg i fekk gokjent boksen hos mi eiga prinsesse på 12 år, viste eg at dette vart bra. 

Fekk litt følelser av at hattemakerene frå Alice in Wonderland hadde eit ord med i laget, når det gjaldt pynting av lokket. Men eg vart veldig fornøgd med den "rottete" pynten. Syntes den passa heilt perfekt. 



Eg ser eg har teke bilde frå sida med den eine skøyten, men det gjer ikkje noko. Skøyten er heilt ok den. :) 
Klem Anita

1 kommentar:

  1. Kul boks. Så lurt å bruke "negativen" når ein har brukt dies. Viktig å ikkje kaste lekkert glitterpapir :)

    SvarSlett