Eller i alle fall nesten.
Dei siste åra har eg laga konfirmasjonskort for sal hos Bokuben/Panduro
i Førde. Også i år har eg gjord det. Og no nærmar det seg slutt på
Konfirmasjons sesongen her i Førde, og dermed vert det rolegare på
produksjonsfronten ei stund, så eg kan kose meg med å lage blomar og anna pynt
innimellom korta eg lagar.
Vi fant ut i fjord, at det var lurt å lage litt ekstra kort, slik at vi
er litt frampå til neste år. Det er også planen i år, så derfor kjem no eit
bilderas med kort eg har laga dei aller siste dagane.
Eg har framleis dilla på ramekort, så det har vorte mange av dei i
år.
Alle korta har pynta insider, med eit fint dikt
og skrivefeltIkkje alle treng store kort, så eg lagar taggar også. Desse er riktignokk litt store, då eg har brukt heile bredda på det arket eg begynte med, og avpassa lengda slik at det skulle sjå bra ut.
Klem Anita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar