Viser innlegg med etiketten Papirplaneten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Papirplaneten. Vis alle innlegg

søndag 24. september 2017

Jul i september

Utfordringa Jul i September er snart over, men du har forsatt tid til å levere inn bidrag.

Eg har kosa meg med promarker og eit Magnolia Stempel. Eg har pynta relativt enkelt denne gangen. Ingen dekor ark, og reine fargar. Det var sol då eg tok bildet, og det har eg utnytta for å få lys inn på lykta Tilda held i handa.

Papirplaneten har mange, mange Magnolia stempel til ein veldig hyggelig pris.


Klem Anita

søndag 20. august 2017

Magnolia hos Papirplaneten

Papirplaneten har mange Magnolia stempel, og alle er til 40% for øyeblikket.

Eg har brukt 4 av mine Tilda på dette prosjektet, som er ein folder til å ha teikningar i.

Folderen var mintgrøn med motiv, kjøpt på Nille for ein 10 ar. Eg måla den kvit, og dekorerte med ulike resteark i grøn/blå tonar, som igjen fekk ein omgang med kvitmaling for å gjere det heile meir avbalansert.


Enkelt pynta med blonde, og nokre små blomar, då eg vil at denne skal kunne brukast, og difor ikje kan ha for mykje utståande pynt.

Utfordringa Alt er Lov hos Papirplaneten kan du vere med på ut august.






Klem Anita

fredag 7. april 2017

Vår hos Papirplaneten

For meg har vår betydd konfirmasjon dei siste åra. Eg er så heldig å få selge litt konfirmasjonskort, både på bestilling, og på Bokuben/Panduro, så det går mykje i konfirmasjon for meg på denne tid.

I år har eg konfirmat sjølv også, så då blir det ekstra mykje "papir-arbeid" som har konfirmasjon som tema.

Stempelet er Simply Betty, blomane er Prima, Papirdesign og WOC.
Litt gammalt gardin, ein Chery Lynn dies og ark frå Pion.
Stempelet er farga med Promarker.

Utfordringa hos Papirplaneten er våren.




Klem Anita

lørdag 4. mars 2017

Shabby Chic

Papirplanten holder seg til Shabby chic / vintage nå i mars. Er du i humør til det, så bli med på utfordingen HER

Eg har lenge beundra Randi Thorsen sine kort, om ikkje kortet er likt noke ho har laga, så er det veldig inspirert av hennar stil.  Ta ein tur innom bloggen hennar også, for der er virkelig mykje lekkert. I allefall for dei som likar blomar og romantisk utrykk.

Det hender rett som det er at eg "flikkar" på korta mine, når det er gått ein dag eller to. Slik var det også denne gang, så kortet er litt endra etter at eg tok bilde til Papirplaneten si utfordring.

I dag var det også dagslys nok til at eg fekk tatt bilete utandørs.

arka er frå Poppydesign - Rosegarden og Mariane design - Eline's babies, pink.




Klem Anita

onsdag 1. februar 2017

Ferskenfarga bryllaupskort

Papirplaneten har kjærleik som utfordring i Februar. Eg har dessverre alt for lett for å lage brullaupskort når eg får oppgåva kjærleik. Så det har eg gjordt denne gangen også, men eg har teke utgangspunkt i den store rosa for farge, og enda opp med andre fargar en eg brukar på disse korta.

Kortet er laga på ein pose med måla 21*11. Papira eg har brukt er eit lysgult litt tjukt kopipapir, dekorark frå ei Prima blokk og basicgrey.

Pynten er blomster frå ulike leverandørar, bla. Prima og Wild Orchid Craft.  Lauva er frå Dixi craft. Kjære Brudepar er Kort og Godt dise. Stempelet på taggen/inn stikket er frå Kaboks.

Blonder å perler er ukjent, da en del av det er mottatt i gave.

Eg er inne i ein periode der eg kun vil ha ulike blomar i buketten/oppsetninga.  Eg er heller ikkje så redd for å blande fleire fargar. Viss eg lurer på om noko går an, så ser eg føre meg ein bukett plukka i ei blomstereng. den er frodig, den er vakker, og den inneholder mange fargar og storleikar.



Klem Anita

tirsdag 3. januar 2017

Vinter

Papirplaneten har vinter som utfordring denne gangen, Eg har laga eit bryllaupskort der eg har brukt snø krystall i staden for blader under blomstane.

Den fine oransje blomen finner du under Prima hos Papirlaneten.

Ark er Bazzil og Atlantis Collection fra Paper House. Stempelet er fra Mo Manning. Teksten på utsida er skrive ut på pc, den inni kjem frå eit klippe-ark.

Litt glitter på kjolen, og til brudeparet, for å trekke fokus mot desse.

Eg anbefaler alle å bli med på månadens utfordring hos Papirplaneten: Vinter 


Klem Anita