Viser innlegg med etiketten Art journal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Art journal. Vis alle innlegg

lørdag 4. april 2020

Art Journal

I Popup gruppa på FB har det vore mykje Art Journal i nokre veker. No er gruppa i dvale igjen. Men med så mykje inspirasjon og glede, så klarte eg ikkje stoppe.
Eg har henta inspirasjon frå to i gruppa: Karianne Teig og Marianne Johansson

Og så fulgte eg framgangsmåte fra denne videoen med Dina Wakley


Eg er virkelig ikkje noken ekspert. Men dette er berre så kjempemoro.  Skjevt og skakt, men heilt perfekt, for eg storkosa meg undervegs.

Klem Anita

søndag 10. februar 2019

Litt art journal

Eller kreativ bok. Likar vel det siste best, for art er for meg kunst, og eg driv ikkje med kunst, trur eg.


Eg har eit par steg for steg bilder som viser korleis eg har gått fra.

Denne sida har eg leika med før, så den har fått modeling paste og masse grøn spray frå før.

Eg begynte med å lime nokre striper av resteark, inn frå hjørna topp og bunn. og mala så over med kvit gesso. Arka vart mykje mala. Men andre stader, blanda eg ut gessoen med vatten, slik at det grøne skin gjennom

Etter tørk, stempla eg med bakgrunnstempel. Limte på nokre blomar skrive ut på kopipair. Dekka dei med blank gesso go leika med nokre reinkarar, og litt pulver og vatten.

Til slutt limte eg på motiv, tekst og skribla med svart og kvit blyant/tusj.






Klem anita

søndag 5. mars 2017

Art Journal

To my Norwegian friends, I hope you forgive me for writing in English this time.

I have received a beautiful image from Star Stampz. It is part of my DT-assignment for Papirlosjen, the callenge this mounth is Wings.

When I was coloring the image, I wanted the colors to mean something. The image is form an old fairytale, but it’s also a symbol of personal growth.

I have an art journal, that I sometimes use, and I feel that it can symbolize some of my creative growth.  I have used acrylic paint, Inka Gold and some art sprays on the cover.  

The pictures below, shows how I have done it. 

I hope you enjoy the pictures. The reason for my English text is a couple of challenges I want to participate in, with this. 

Crafting from the heart -  Anything goes, Just for fun
Crafty Creations - Anything goes
Crafty Girls Creation - 
Anything goes
Not just cards - Spring
The Mixed media - Buttons (The butterflies, and brown harts is buttons)



This wite mix, is made of acrylik paint, glue and sand from a beach in Denmark.

I added some diecut

Some chipboard, some fabric and embellishment

A couple of close up







Hug Anita

lørdag 21. januar 2017

Art journal

På dette området er eg forsatt nybegynnar, men det betyr ikkje at det ikkje er veldig, veldig moro.

For et par år sidan fekk eg Panduro-kitt hos Bokuben (Panduro i Førde), for å lage demonstrasjon av dette. Eg kosa meg masse, laga nokre sider og leverte journalen i frå meg.  Etter eit år eller so, fekk eg den tilbake, og den har samla støv sidan.
For et par veker sidan oppdaga eg denne dama: Maremi Smalart, og vart sittande å sjå timesvis med videoar med henne. Ho har nokre veldig flotte videoar om korleis starte med ei blank side, og korleis bruke det du har heime, så du slepp kjøpe alt nytt når du skal leike med fargar.

Eg har brukt mykje fargestiftar her (cryons). Desse har ein mjuk konsistens, (aom litt tørr leppestift,) dei kan gniast utover med fingrane, målast utover med ein pensel med vatten etc. Dei er rett og slett veldig tilfredstillande å arbeide med.

Mesteparten av materialane eg har brukt, får du hos Bokuben / Panduro i Førde.


På den første sida har eg først limt på mange småbitar med restepapir, og gitt det en runde med gesso. Fargane eg har brukt er fargestifter frå Panduro,  Silky Twisters. Utseendemessig er dette eit produkt retta mot barn, men egenskapane er dei samme som langt dyrarer merker, og eit utmerka utgangspunkt, om du vil teste ut dette.   Motivet nederst og tekstane kjem frå eit fint Paris sett frå Quakasu, det kan kjøpast og lastast ned der.

På side to har eg limt inn kvite ark først, og brukt inka gold og Mica powder for å lage farge. Sidene er derreter sverta langs kanten med Distress vintage phot /tea dye. Hjerta er ein dise fra Kort og Godt. Dei røde er utskorne, dei i kopar er mala gjennom "stensilen" eg fekk når eg skar ut dei råde. Nettingen er frå biltema/chals Olson, den er beregna til å bruke over skøyter når du sparkler vegger. 

På side tre har eg også begynt med papirlappar i ulike storleikar, og gesso. Eg vart ikkje fornøgd med fyrste forsøk, så heile sida fekk eit nytt strøk gesso, også over nokre sommerfuglar eg hadde limt på.  Deretter gjekk eg laus med røde/ornage farger og prøvde få fram igjen dei detaljane eg hadde malt over. Her er også brukt fargestifter, men denne gongen Art Cryons frå Marabu 

Håper dette gir deg lyst å leike med fargestiftar igjen.  Du treng ikkje ei fansy bok, du kan bruke ark, ei bok du hadde tenkt å kaste etc. Er det tynne sider i boka, så lim sammen 2-3 sider frø du beggyner, på den måten kan du bruke "gamle" bøker du egentlig var tenkt å kaste. 

Klem Anita


mandag 9. mars 2015

Art Journal

oppgave 19

Gjett om eg blei glad då eg kikka inn på Et Trykk og fann Art journal som dagens oppgåve. 
Jadå eg har ein, og den stod å samla støv. Den hadde ein del ferdigfarga sider og eg bråtende på ideen om å vise fram barna sine teikningar der. 

Mi minste prinsesse (8) har i eit par veker no vore reine designeren, og det er mange mange ark med kjolar og tilbehør, som eg ikkje heilt har vist kva eg skulle gjere med.  No har nokre av dei fått plass i min journal saman med eit fantastisk sjølvportrett.  Ho hadde sminka seg, og sat å såg seg i spegelen for å få sminka på teikninga korrekt. 


Bakgrunn er spraya med Dylusions i blå og grøn, og påført eit lag lakklim. Detaljar laga med stempel/stensilar og gesso.  Motiva er klippa ut og limte på med lakklim. Til slutt limte eg på bokstavar, og skyggela ein del av utklippa. 

Denne skal også vere med i : Et Trykk - jubeleumsutfordring nr. 19

Kjole med tilbehør.

Mus med klær. legg spesielt merke til belte med stjerner /nagler. 

Mi løysing av oppgåva. 


Og slik ser kunstnaren ut, ein sein kveld :)

Og her er arbeidsplassen hennar. 

Klem Anita