Eg har vore så heldig å bli spurt om å lage nokre bryllaups kort i sommar, og eit av dei var til 2 menn.
Diesen som er brukt bak, er lik og blomstrane er heimelaga, så mykje er likt, men resultatet vert veldig ulikt.
Mennene er laga med ein dies frå Dixi craft, eg har skore den ut fleire ganger, slik at kvar mann fekk 2 skuggar og litt dimensjon. Dei har også fått eit lag med glossy accent over seg for å stå litt ut frå resten.
Det andre brudeparet er eit stempel frå Kort og Godt, farga med Promarker.
Og kvifor viser eg dette i dag? Jo for å minne om at Papirlosjen har ei utfordring gåande, der alt er lov.
Klem Anita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar