torsdag 13. juli 2017

Gratulerer med dagen! Lacy Sunshine

Eg er veldig glad i å fargelegge motiv, og har fargelagt i fleire år med Promarker, men har no utvida verktøyskuffa med ein neve Copics i tillegg. Det er alltid ein diskusjon, kva likar ein best, kva anbefaler du til venner osv.

Tusjane kan miksast då begger er alkoholbaserte, og teknikken er nokenlunde den same, uavhengig av merke. Det er to store hovedforskjellar slik eg ser det, tuppane, og at Copic kan refillast.  Og så prisen då. Copic er dyrt.

Dei fargane i Copic eg har kjøpt er hud /hår, fordi dette er fargar  eg brukar mykje, og det vil løne seg å kunne kjøpe refill i staden for nye tusjar. Og så likar eg veldig godt tuppane når eg skal fargelegge hår. Eg har eit par andre fargar også, dei lilla og grøne på dette kortet er Copic.  Denne lillatonen, finst ikkje hos Promarker.

Motivet kjem frå Lacy Sunshine, og heiter Rory's Sunflowers, og sjølv om eg ikkje er så glad i at håret sjuler eine auge, er dette eit nydelig motiv, og ikkje minst veldig kjekt å fargelegge.

Når eg har brukt så mykje tid på å fargelegge eit motiv, så vil eg ikkje drukne det i pynt, så derfor pyntar eg slike kort litt enkelt.

ALT ER LOV,  det er ufordringa denne månaden hos Papirlosjen. så her er det berre å hive seg rundt å ta bilde av det du har laga.  Med det veiret vi har på vestlandet, så er eg sikker på at nokre av dokke i allefall har brukt tida inne.






Klem Anita

2 kommentarer:

  1. Kjempefint kort! Vakker fargelegging på fint motiv! Klem ;)

    SvarSlett