mandag 2. juli 2018

Jul i Juli

Eg fekk ei utfordring i posten, Julestempel fra kort og godt.
Stempelet kom frå Scrapomania, og du finn det HER.

Eg har virkelig kosa meg med denne utfordringa, og laga ein pose, gavepapir og merkelapper.

Posen er laga med inspirasjon frå videoen til Anna Dabrowska

Gavepapiret er einsfarga kraft og rødt, tanken er å få gaver som naturleg høyrer saman, utan å vere heilt like. Eg stempla gavepapiret før eg pakka inn gåvene, og laga to tags som passa til.


Her er stempelplata som var utgangspunktet mitt.


Eg har montert 2 stempel på ein stor klosse, og så snur eg han rundt seg sjølv for at teksten ikkje skal komme same veg.
 På tagane gjorde eg det same som på innpakkingspapiret. I tilegg har eg pynta med blader (Magnolia dies) og blomar (Tim Holts dies)

 Og slik blei resultatet, like men ulike.
 Posen er laga på samme måte som vist i videoen, ved å stemple og male først, for så å pynte. Eg har også funne fram nokre gamle knappar til pynt.

 Diggar måten tekstn blir vist på, når eg stemplar på kvitr maling.

Eg har også fått brukt nokre av dei "bilda" som eg aldri heilt veit kva eg skal bruke til.

Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar