tirsdag 5. juni 2018

Pop up boks

Papirlosjen har ferietid som tema, og Wycinanka som sponsor denne månden.


Eg er kortmakerske, og tema ferietid var litt uvant, men etter å ha lagt hovudet i bløyt ei stund, kom eg opp med fleire idear. Først tenkte eg å bruke mykje blomar eller skjell, for begge er sommar og ferie for meg. Men når eg fant desse nydelige chipborda i sponsormidlane, så vart den planen forkasta for dette i staden.

Chippboard er heilt supre å bruke til denne typen kort/boks. Eg har limt dei på litt hard plast, slik at det ser ut som dei heng i lufta.
Stempelet kjem frå "All dressed up"

Eg har hatt litt glitter på chip board, men det viser ikkje på bildet.





Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar