søndag 5. august 2018

Bryllaup med blomar og bling

Eg lagar kort for salg, og det er 3 typar kort det går desidert mest av. Bryllaup, konfirmasjon og barnedåp.

Når det kjem til kort til dei store dagane, spesielt til dåp og bryllaup, er vi veldig tradisjonelle. Dåpskorta skal vere rosa eller lyseblå. Bryllaupskorta har litt fleire fargar å velge i, men det går mykje i pastell :)

Desse korta er difor holdt i rolege, romantiske fargar, neste chabby chic.


Det fyrste kortet er eit standard 6*6 kort med stempel frå Mo Manning og heiter Bride and Groome (dancing)

Samme storleik, men her har eg bretta framsida på skrå.
Eg var spesielt fornøgd med korleis eg dekorerte innsida/platforma det står på.

Når eg lagar kort med denne brettinga har eg fokus på at det skal sjå bra ut når det ligg i posen også.




Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar