mandag 12. juni 2017

Copic og The Paper Shelter

Då eg begynte med fargelegging av motiv, var The Paper Shelter ein stad eg gjekk for å handle, eg likte dei søte små jentene der, og dei passa supert til mi jente som då var 5-6 år på det tidspunktet.

Eg har vore borte frå dei ei stund, men har kikka innom, sån no og då, og tykjer dei har komme med så utruleg mange fine stempel i det siste.

Så no har eg handla 4 nye, og dette baby stempelet var eit av dei.

Copic Norge har ei farge utfordring denne månaden, og eg har ikkje mange copic tusjar. For utan om hud og hår, så har eg 2 kombinasjonar lilla (den eine berre 2 tusjar som eg vann ein gang) og ein grøn kombinasjon..  Heldigvis var fargeutfordringa i rosa/lilla og blå tonar.. :)

Eg klarte å fargelegge heile bildet med kun Copic.  - og leverer det derfor til utfrodringa hos Copic norge - Utfordring #87  - Notat til meg selv, sjekk fristen på utfordringen, denne gjekk ut i går.

Men The Paper Shelter har forsatt en utfordring jeg kan vere med i :)

Eg har jobba litt for å finne ein hud kombinasjon eg likar. Er ikkje sikker på at eg er heilt i mål, men begynner å nærme meg. Akkurat no brukar eg E13,E11,E21, E00 og E02 til kinn (eg har E23, men endte opp med for mørk hud. Kan vere eg brukte for mykje av den, litt usikker).  Eg har også R22 og R20 som eg no bruker som lepper, men er ikkje heilt einige med dei endå.

Hår har eg E59, E57, E55 og E51 (E53 vart feil for meg, så den har eg droppa) Eg har også E79 for å få det mørkaste mørkare, men sidan eg ikkje kjenner copic så godt, kan det godt vere det finst betre fargar for å gå endå mørkare.



Til dokke som kjenner meg, nei eg skal ikkje kvitte meg med Promarkerane, eg er forsatt kjempeglad i dei, men eg er hekta på tusj, og copic har nokre kombinasjonar, og tuppar eg ikkje finn hos Promarker. I tilegg til refil, som eg ser vil vere ein kjempepluss når det gjeld hudtonar, for der har eg brukt 4-6 blush i allefall sidan eg begynte å fargelegge med tusj. 

I am entering this in the callange #297, Flowers, - the stamp is colourd whit Copic. 

Klem Anita

2 kommentarer:

  1. Lovely card. Thanks for joining us at The Paper Shelter this week.
    CraftyNatalie : DT- A Team

    SvarSlett
  2. Gorgeous card. Love the layout. Thanks for playing along with the challenge at The Paper shelter, Liz (:(|)x

    SvarSlett