For
eit og eit halvt år sidan, møtte eg Tilda.
Eg hadde sett ho i bloggar og i nettbutikkar tidligare, men denne dagen
kom ho vandrande inn i hobbyrommet mitt, i baggen til ei veninne.
Eg fekk lov å låne henne litt, og eg kosa meg
verkeleg den stunda ho var hos meg. Men
som med alle du låner, dei må tilbake til sin rettmessige eigar, og sidan eg no
var hjelpelaust bergteken av denne vesle figuren, måtte eg bestille mi eiga
Tilda
Her er mitt først kort: Mitt første møte med Tilda
Og eg vert sjølvsagt veldig glad om du legg spor etter deg her, eller spørsmål :)
Klem Anita
No
skal det seiast at å få ein kommentar frå Norma var stort, for ho
er ein av dei flinkaste fargeleggarane (Promarker) eg kjenner til.
Eg er
framleis bergteken av denne Jenta, og har skaffa meg nokre fleire både Tilda
og Edwind sidan den gong.
Sidan eg
går tilbake i tid, har eg teke opp at ein stil eg brukte mykje på den tida, og
ser med glede at når kortet er oppslått er det fremdeles ein flott teknikk.
Fargar:
Hud: Coral, Sunnkissed Pink og Blush, Hår: Auburn (F), Terracotta og
Ginger. Kjole: Aubergine, Plum Preserve,
Plum og Tropical Orchid. Må dessverre innrømme
at eg har gløym kva eg fargar blomane og blada med, men trur eg brukte Orchid
og Ametyst, March Green, Lime Twist og Lime Zest. Banda rundt blomane er i Tan
og Putty.
Når det
gjeld fargelegginga, Den lysaste fargen i kjolen er rosa, ikkje lilla. Eg har
prøvd med ulike lyse lillafargar utan å bli fornøgd, spesielt sidan Plum er ein
veldig rød farge. Etter å ha bytta ut den lysaste med ein rosa fekk eg mykje meir
"skin" i kjolen, og vart svært mykje meir fornøgd med
resultatet. Ein må kanskje gå over eit
par tre gonger før ein får det slik ein vil, men eg anbefaler alle å prøve det.
(Prøv også ein gulgrøn farge som lysaste når du fargelegg grønt, blir veldig
stilig det også.)
Kva var din første Magnolia?
Ta turen innom Papirplaneten sin Magnoliautfordring og bli med på utfordringa.
Og eg vert sjølvsagt veldig glad om du legg spor etter deg her, eller spørsmål :)
Klem Anita