fredag 31. mars 2017

Konfirmasjon, konfirmasjon, konfirmasjon

Det er den tida på året igjen, og eg lager kort.  Har kosa meg masse med det i det siste, og her kjem eit lite bilde-ras.

Blogging har vorte nedprioritet pga. tidsmangel, så denne gangen blir det kun bilder, ingen fornuftig informasjon.

Setmpel KennyK


Denne må eg sei noke om. Eg laga kortet, utan pynt fo 2 år sidan, men stod heilt fast pga. det "rotetet" mønsteret. Eg fant fram litt papirtape i farger som passa og litt prima maling kjøpt på Fantasi på Sandane, og vips, eit resultat eg kan stå inne for. 
Stempel- ukjent (den delen av minnet er avgått med døden, eller har tatt ferie)


Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith


Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

Dette arket finn du på Bokuben/Panduro Førde, og blingen er noke Europris har som rull for bordpynt. 
Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

 Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

Klem Anita

Utfordring akseptert.

Ei flott dame som heiter Elisabeth Hatlen, sendte meg ei utfordring for.... 1 år sidan. Det var med andre ord på høg tid å akseptere den.

Ho sendte meg 1 PL ark med lommer, og en liten bunke kort.

Eg har valgt å lage ei side med bilder av ein foto-tur eg og minstejenta var på. No har ho feira bursdag, og ei av gåvene hennar var mitt gamle kamera. Ei veldig lykkeleg lita jente, so er klar for nye foto-turar kvar dag som helst.

Eg ser ikkje heilt føre meg at eg er ei PL-jente, men eg diggar utfordringar, og eg er veldig glad i å prøve nye ting.



Klem Anita

torsdag 23. mars 2017

Bursdag

Nokre svært hyggelege damer frå "øyna" lærte meg å lage denne boksen, på eit veldig kjekt treff på Sandane i vinter. Mi minste prinsesse har nett fyld år, og då er det på sin plass med ein slik boks.

Kva eg fylde den med... Påskeegg.

Arka eg har brukt er Bazzil og Paper House, Color Ways.

Noke av pynten har eg måla med acrylic paint frå Prima. Krona har vore på ein hårpynt ein gong, trur eg. Tekt er noke skrive ut på pc, og noke tekststempel frå Kort og Godt.





Den store blomen er prima, dei små er frå WOC.

Klem Anita

søndag 12. mars 2017

2 år

Når du er 2 år, så er du klar for alt, også å fly.
Min nevø har fylt 2 år, og eg skal snart få gi han gave.

Taggen eg har laga er pynta med tanke på at en nysgjerrig gut på 2 år skal ha glede av den.

Eg har brukt stempelet: The Dragon and the Knight fra StraStampz, og lagt det under ein ristekopp.
Eg veit at min nevø kjem til å plukke denne i frå kvarandre, men eg er også sikker på at han vil like den.

Eg har brukt ein rest av eit papir som passa i farge, ein masse bling og perler er på plass inne i ristekoppen. På baksida har eg limt ein tag til i nøytralt papir, slik at eg har ein stad å skrive ei lita helsing.

Både bokstavane og tagen er laga med Tim Holts diser.

Dette var min inspirasjon til månadens utfordring: Vinger, hos Papirlosjen.



Klem Anita

lørdag 11. mars 2017

Måned 3 hos Arjo's tag og atc kos.

Eg har prøvd meg på ei "umulig" oppgåve i dag.

Eg skulle bruke, 2 farger + svart. Bokside, Sensil og medium. Washi tape og dråper av mist.
Fremdeles overkommelig, men so kjem oppgåva. Clean and Simple!


Vel, eg hadde ein plan. Tagen er laga av ei bokside, eg har limt eit resteark bak for å få det stivt nok. Eg fant noko nøytral washitape i svart og naturkvitt.
Det med medium gav meg ei utfordring, men etter å ha grisa ei stund, vart eg nokon lunde fornøgd med resultatet. Det største problemet var at det var umulig å stemple fint over det. Eg løste det ved å stemple hjerte på eit eige ark, og limte det på med limpute. Eg veit at det gjer det mindre Clean and Simple, men eg måtte være fornøgd sjølv også.

Den første misten eg brukte var sølv, den forsvant, så eg gjekk over med gull etterpå.

Eg er veldig glad i utfordringar, denne var vanskelig, men veldig moro.











Klem Anita



tirsdag 7. mars 2017

Et par Bokmerker

Lag bokmerker fekk eg beskjed om. Javel sa eg, og tenkte at blir ikkje dei veldig like, sidan dei er veldig falte?

Nei, dei vart ikkje det, men veldig fine vart dei.  Resten av bokmerka finn du her: Barnemix

Mine skal du få sjå her oså. Inspirasjon henta eg i siste Et Trykk, der teknikken var brukt for å lage konfirmasjons kort med penge/gavekort lomme.


Rett og slett riste-lommer med nydelige motiv fra Lulu design art

søndag 5. mars 2017

Art Journal

To my Norwegian friends, I hope you forgive me for writing in English this time.

I have received a beautiful image from Star Stampz. It is part of my DT-assignment for Papirlosjen, the callenge this mounth is Wings.

When I was coloring the image, I wanted the colors to mean something. The image is form an old fairytale, but it’s also a symbol of personal growth.

I have an art journal, that I sometimes use, and I feel that it can symbolize some of my creative growth.  I have used acrylic paint, Inka Gold and some art sprays on the cover.  

The pictures below, shows how I have done it. 

I hope you enjoy the pictures. The reason for my English text is a couple of challenges I want to participate in, with this. 

Crafting from the heart -  Anything goes, Just for fun
Crafty Creations - Anything goes
Crafty Girls Creation - 
Anything goes
Not just cards - Spring
The Mixed media - Buttons (The butterflies, and brown harts is buttons)



This wite mix, is made of acrylik paint, glue and sand from a beach in Denmark.

I added some diecut

Some chipboard, some fabric and embellishment

A couple of close up







Hug Anita

lørdag 4. mars 2017

Shabby Chic

Papirplanten holder seg til Shabby chic / vintage nå i mars. Er du i humør til det, så bli med på utfordingen HER

Eg har lenge beundra Randi Thorsen sine kort, om ikkje kortet er likt noke ho har laga, så er det veldig inspirert av hennar stil.  Ta ein tur innom bloggen hennar også, for der er virkelig mykje lekkert. I allefall for dei som likar blomar og romantisk utrykk.

Det hender rett som det er at eg "flikkar" på korta mine, når det er gått ein dag eller to. Slik var det også denne gang, så kortet er litt endra etter at eg tok bilde til Papirplaneten si utfordring.

I dag var det også dagslys nok til at eg fekk tatt bilete utandørs.

arka er frå Poppydesign - Rosegarden og Mariane design - Eline's babies, pink.




Klem Anita