Du kan kalle det kva du vil, men når 15 damer møtes over papir og lim, blomster og bling, skjærebrett og linjal, motiv og oppskrifter, så blir det ein fantastisk dag. Slik er det berre.
"2 gode naboer" og flotte damer inviterte til Lørdagstreff på Kletten i går. Ein kan seie mykje om oss som var der, men kjedelge det er vi ikkje. Latteren runga i lokale, komentarane på kanten, mykje skryt, og mange gode klemmar.
Det er noke heilt spesielt når alle går heim med eit stort smil rundt munnen, og allerede gledar seg til neste møte.
Vi har hobbyen til felles, men ut over det er vi i ulike aldrar, vi har ulike liv, og interesser. Men ingenting av det spelar noke rolle når vi møtes.
Denne gangen hadde eg utfordra ei av dei andre til å lage restekort. Så vi sat og konkurrerte heile dagen om å lage flest kort av egen restar.
Her kjem eit biletras av det meste av det eg laga. Eit par av korta blir presentert i Februar i Paprilosjen i staden.
Kort 1, blomster laga med Heartfelt Creation stempel og dies, mm. alt laga av resteark.
Kort 2, stempel
kreative hender digis, tekst skrive i word.
Kort 3, motiv og pynt er av resteark, tekst er skrive i Word.
Kort 4, Motiv
Mo Manning.
Kort 5, motiv
Delicious Doodles
Kort 6, stempel
The Paper Shelter - desse sel stempelsett der du får med fargelag motiv av det du kjøper. Tekst er klipt ut fra et reste ark.
Kort 7. stempel
Kreative hender digis. Tekst er skrive i Word.
Slå et slag for restepapiret, Neste utfordring eg vil viderbringe er: bruk gamle dies.
Klem Anita