Det er alltid kjekt å utfordre seg sjølv. Men nokon gonger er det vanskelg, og då er det godt vi har så mange konkurranser /utfordringar på nett, som får oss i gang.
Ein veldig enkel ein er PL norge sin desemberutfordring. Du skal lage eit tittelkort eller ei pl side med tema vinter/jul.
Enkel fordi du har standard mål du må holde deg innanfor, men vanskeleg nokk likevel. Men eg fekk testa ut nokre produkt og teknikkar eg har tenkt på ei stund, og med utganspunkt i eit kvitt tegneark vart eg godt nøgd med resultatet.
Jula er for meg mange ting. men ein av dei er også stress/jobb. Så når 1. juledag lir mott hell, så senker eg skuldrane, og lar kroppen få kvile. Dei første romjulsdagane er dei aller finaste, for då kan ein berre nyte og kvile resten av tida. På kvelden gjekk vi ein tur, og i ein særdles fotointerresert familie, så har bestefar med apparat, og 12 åringen låner det flittig undervegs.
Ho tok ein del virkelig flotte bybilder, og desse vil eg lage ei PL side av.
Her er tittelkortet: Heng deg på og bli med du også: PL Norge.
Dette er årets siste bloggpost. Eg ser at bloggen min lider av min auka FB posting. Men det er kansje slik det må vere. Insta slit eg forsatt med, for er så styrete å få bilda over på mobilen før eg legg dei ut. Men kansje ein dag.
Godt nytt år, måtte det bli kreativt for alle.
Klem Anita