søndag 3. mars 2013

Dylusions - maling - mist og tag :)

Eg har skitna til fingrane min i det siste, dei er konstant rosa, blå og grøne, med litt gull på kantane.  Dylusions har gjort sitt inntog på hobbyrommet, og eg er hjelpelaust fortapt. 

Framgangsmåte. 
Eg begynner med ein papirbit, ev. ein tag, dusjar dei med ink spray fra Ranger (dylusions). Når det er tørkt spreiar eg meir, med ulike "glittersprayar". 
Eg legg på "masker" og tegnar med tusj, malar med akrylmaling og sprayar meir. Så tek eg fram stempelputene, og stempler litt her og der. Til slutt pyntar eg med eit motiv og litt band. Veldig veldig moro. Veldig veldig grisete. Her er det snakk om lag på lag på lag.. men ikkje med ark. 
Alle taggane har skrivefelt på baksida. 

Sia eg ikkje går i gjebursdag kvar dag, så sel eg det meste, taggane finn du på bokuben til ca. 30,- for dei største (omtrent det same som eit enkelt kort på bokhandlaren kostar)




Har ein liten etterlysning. Denne er eg halvferdig med, og den har forsvunne. Eg skulle ha den med på eit treff for å gjere ferdig, men den forsvant undervegs.. :)


Til slutt ein del småkort som også er til salg. Dette er stafelikort, men litt dekor. kr. 45 pr. stk. Jada du finn dei på bokuben.  Om du har ynskje for eigen utforming på kort, eller kort til spesielle dagar så send meg ein mail.   -    Eg likar ei utfordirng. :)





Klem Anita

1 kommentar:

  1. Så flotte kort, kjekt å kikke innom bloggen din!
    Siri

    SvarSlett