Det er på høg tid eg får opp tempo på blogginga mi, har ein masse bilder liggande klare, men så var det det med å sette seg ned å skrive då.
I dag trur eg at eg vil vise dokke eit kort eg laga for ei tid tilbake, var med i ein konkurranse på papirdokkene.com med det, men gløymte av ein frist, og vart ikkje med særleg mykje vidare.
Uansett, posekort er noko er verkeleg likar å lage, dei har ein anna fasong en dei tradisjonelle korta, og kan difor pyntast på ein annan måte. Eg skal til å lage konfirmasjonskort i den og andre stilar no.
Oppgåva var ei fargeoppgåve:
Eg må seie eg tykte eg løyste den godt, mangla kansje litt av den varmaste brune, men var veldig fornøgd med kortet.
Posen - Panduro (24 i pakken), Blonder og perler - Ebay - Stempel - Mo manning. Ms - kantpuncher, Marianne Dise bak stempelet, og Magnolia dise til å dra utt instikket med.
Det er på innstikket du finn skrivefeltet.
Håpar du likte kortet, og kansje fekk litt inspirasjon til å prøve noko liknande.
Klem Anita