Ein dag stod eg i butikken og holdt ei graphic 45 blokk i handa, stridt dyr, men hjelpe meg kor fin den var. Hadde sett den på nett og bedt Inger Anne (Bokuben) ta den inn til meg, og angra ikkje eit sekund, og har no bedt ho ta inn ei til, for blokka mi er nesten tom. :)
Når eg får nye ark i nevane, sit eg å stryk over dei, blar i dei og kosar meg, med eit stort smil om munnen. Det arket var nydeleg, og det arket var nydeleg, og det arket var berre rålækkert. Kan vere eg er litt annaleis, men tippar dei fleste som driv med kort har det litt på same måten når dei får nye ark i hus.
Og så kom Nachaya på besøk, med bestilling av 2 toffeøyskjer og 2 bursdagskort for ei veninne, Det einaste eg hadde å gå på var at det var til vaksne. Erfaringsmessig så sel eg mest kort som er beregna til damer, så eg tok sjangsen på å la dei vere i ein litt feminin stil, men sidan eg ikkje ante alder eller kva dei skulle brukast til, var dei litt nøytrale.
Her er Toffe øskjene eg laga, med mine nye ark :)
Desse grøne/kvite pollenbærarane, er berre kjempefine (bokuben). Dei rosa blingringane er egentleg berekna til bordpynt, men eg tykkjer dei gjer seg svært godt på kort. Fuglane er også fra same blokka med ark. :)
Den store blomsten er heimelage ved hjelp av 2 punshar (sett på 3- Panduro) Blondene er også kjøpt på Bokuben.
Klem Anita
Åh, de var bare lekre! Herlige papirer og vakkert pynta !!
SvarSlettKlem fra Anne-Eddie.(jo, er glad i nye papirer!) :)