onsdag 7. januar 2015

Bare for å vise

Eg har "funne opp" eit nytt posekort,  og eg er eigentleg ganske nøgd med meg sjølv.

Kortbasen er papirpose, den er kutta i den lengda eg ville ha for å få utnytta eit 12*12 ark fult ut. 
Det går med ein del ark, eit heilt Bazzil og eit heilt pynteark. 

I tillegg bør du ha eit instikk, eg brukte her kvit base med eit tynt akvarellark som skrivefelt. 

    *****
Materailer: Bazzil, Tim Holts ark fra ei blokk og eit Pion - sweet baby. 
Stempel: KennyK
Tekst: Kort og godt.
Blomster: woc
Sommerfugler: gamle kjøpt på bokuben.  Ellers metall og band fra Ebay og Bokuben. 
Eg skal lage eit bryllaupskort på denne måten til Barnemix.no i februar. Vil då komme med eksakte mål og framgangsmåte. 

    *****

Eg beklager at det ikkje har komme postar i bloggen i desember.  Det har vore litt mykje WOW og litt mykje "hus og barn" ting som måtte gjerast. Så overskudd til å blogge det eg har laga har vore fråværande.  Men fekk denne linken  thepapercrafting.com av Siri i dag. Og den gav meg litt boost på bloggelysta igjen. :) - Jepp er litt stolt ja :)

(Om du vil legge igjen ein kommentar vert eg selvfølgeleg glad. og det er lov å kun skrive "liker". Eg merkar at eg av og til kvir meg for å skrive kommentarer fordi eg må skrive noko fornuftig. Har berre lyst å seie, dette liker eg... )







Klem Anita

1 kommentar:

  1. Desse var kjempefine Anita!! Stileg måte å brette på.
    Må heim å prøve :)

    Klem Siri

    SvarSlett