Men det vert litt mykje bilder på ein gang, så skal spre dei litt ut over.
Min måte å gjere dette på: Eg køyrer enden av sugerøret inn i valsemaskina, (Big shot) slik at den vert heilt flat. Så har eg funne fram masse fine ark i restekassa, og tilhøyrande bassil. Derretter har eg rota gjennom permen med diser og funne fram dei runde fine, og nokre heilt reine runde.
Eg stiftar sugerøret fast i bassil, stiftar banda eg skal bruke fast i sugerør og bassil, og limer pynteark over. På baksida limer eg ein kvit sirkel til å skrive på. Så var det berre å pynte. Det var ikkje rare pynten som skulle til for å få desse til å sjå fine ut, men sidan eg er særs glad i blomar måtte desse med.
Har du spørsmå, eller komentarar til desse så kom med dei. Eg tykjer det er særs hyggjeleg når nokon legg igjen eit spor etter seg på bloggen.
Klem Anita