fredag 1. april 2016

Konfirmasjon med Papirplaneten

Eg har eit sterkt behov for av og til å lage kort i andre storleikar, denne gangen er det ein pose på ca. 14*20 cm som er brukt.

Motivet kjem frå Saturated Canari, og er eit av mine favorittar til jenter i den alderen.  Eg har brukt to Disar frå Spell binders: Heart Circles og Parisian Motifs, og ein frå Marianne Design: Petra's Corner
Punchen er Marta Stewert. Blingen er frå Edelwise.  Resten er ting eg har funne i roteeska mi.  Dvs. Blomen til høgre og sommerfuglane er Kort og Godt. Det same er stempela som kjem frå Stempelplate M-154

Eg må inrømme at eg har litt dilla på å rive opp arka for å putte ting og tanger under / innimellom osv. Det kan ta litt av iblandt, men veldig moro er det. Eg har lagt ved ein "haug" bilder for å illustrere det.

Utfordringa, den er sjølvsagt:   Våren og eller Konfirmasjon










Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar